Teknologi

Veikaste lekk i kjeda

Lat oss sjå på jarnbanenettet med auga til ein radioplanleggjar.

Eit dagleg syn.
Eit dagleg syn.
Publisert

Eg frys. Nattoget frå Bergen til Oslo har stranda i Sandvika. Me er ikkje dei einaste som står stille. Heile jarnvegen på Austlandet har brote saman.

Årsak? Ein feil på ein sporveksel i tunnelen ein stad mellom Nationaltheatret og Oslo S. Hendeleg uhell? Nei, elendig design.

I år feirar me at Landslova frå 1274 er 750 år. Kvar dag er det gjensyn med Murphys lov: Alt som kan gå gale, går gale. Alle ingeniørar veit at eit system må ha innebygd reserveløysing (redundans). Når eit system vert komplekst, må ein leita etter delar av systemet som er av ein slik natur at dersom dei sviktar, vil heile systemet bryta saman.

Slike delar vert kalla einskilde feilpunkt (Single Point of Failure, SPoF). Slike feilpunkt kan ein finna ved å simulera heile nettverket eller utsetja det for matematisk grafteori. Grafteorien kan hjelpa oss med å finna veikskapar i nettet og flaskehalsar som struper gjennomstrøyminga.

SPoF kan ein finna i alle slags system. Eg sit no midt i eit jarnbanenett som har stoppa opp. Det får meg til å reflektera over om det er andre system der ein kan oppleva det same, og konkluderer med at dei fleste system kan ha sine einskilde feilpunkt dersom dei er dårleg laga.

Eg har ei fortid som radiolineplanleggjar. Den våte draumen min var at det skulle vera liner mellom kvar radiostasjon. Det er det mest robuste nettverket ein kan laga. Sjølvsagt vert slike draumar knuste av økonomar, og då må ein finne best moglege løysingar med dei pengane ein har til rådvelde. Det enda ofte opp med at me laga ringar i ringar slik at dei mest sentrale stasjonane hadde mange liner inn i nettet og iallfall to.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement