Teknologi
Veivakselen
Stempel og veivaksling på ei dampmaskin ved Ellenroad Mill i Manchester i England.
Er du av dei som likar å sykle? Når du trør, blir du ein del av ein mekanisk verkemåte som har vorte utnytta i maskiner i hundrevis av år. Veivakselen er ein konstruksjon som endrar ei rørsle frå at noko går opp og ned, eller fram og tilbake, til at noko anna går rundt og rundt.
Når du syklar, dyttar du knea opp og ned, og pedalane hjelper deg med å få krankarmen til å gå rundt og rundt. Denne mekaniske omsetjingsprosessen gjer at krafta frå beina dine vert overførte til hjula på bakken, og mennesket vert på mange måtar ein del av maskina.
Veivakselen kan forresten òg fungere motsett, ved at noko som går rundt og rundt, skapar ei rørsle som går fram og tilbake. Dette finn vi igjen til dømes i sager som er drivne av vasshjul. Veivakselen driv sitt viktige arbeid i det stille og fortener meir merksemd. Det er faktisk vanskeleg å overvurdere rolla han har hatt i moderne maskiner.
Men det var ikkje før i mellomalderen at veivakslar vart tatte i bruk. Det er nemleg svært uvanleg for levande vesen å utføre sirkulære rørsler, og difor var det også vanskeleg for oppfinnarar å sjå for seg nytten i den tekniske omsetjinga som veivakselen gjer. Sirkulære rørsler ser vi naturleg mest i kvervlar som vert laga av vind og vatn, og i hjulet som vert drege rundt av eit trekkdyr eller av ein foss.
Fram og tilbake-rørsler er den naturlege rørsla for levande vesen. Vi dreg saga, vi høgg med øks, vi viftar bort ei fluge og vi pussar tennene – alt med fram-og-tilbake-rørsler. Beina våre går framover med den same typen rørsle, og det same gjer beina til oksen, hesten og alle andre firbeinte dyr. Når vi skal bruke ei sveiv, må musklane og senene våre omstille seg til unaturlege rørsler. Vi går i surr og kjem ut av takt.
På 1300-talet hadde Europa skifta ut menneskeleg arbeidskraft med kraft frå vass- og vindmøller på viktige produksjonsområde som maling av korn og pumping av vatn. No kom veivakselen for alvor til sin rett. Mølla fekk framleis krafta si frå sirkulære rørsler som vart skapte ved at vatn eller vind drog møllehjulet rundt, men no var det kopla på ein veivaksel som omdanna rørsla til ei fram-og-tilbake-rørsle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.