Reportasje
Veltande elg
Få elgar har blitt så eksponerte som den veltande elgen i Slettåsbakkane.
Ettervekst, Mikkel (7), på post.
– Me må poste om kjapt, bikkja har truleg sendt elgen inn i Angersmyrheia.
Jaktleiar og tidlegare programleiar i Friluftsmagasinet Gisle Espeland er særs ivrig nå. Lik dei to brørne sine blir han som ei elgbikkje når han får ferten av elg. Det har gitt utslag på jaktlagsstatistikken. Onkel Gisle har skote 30 elgar, onkel Dag, skulesjefen, har skote 20, og far min har 40 hakk i rifla – til saman 90 elgar – ikkje dårleg på eit jaktlag som i år har fire dyr på kvoten. Men i år har det lukta generasjonsskifte, på to dagar har tre elgar blitt skotne av tre ungdommar. (Alle under 50 år er ungdommar når dei er på elgjakt.) No er det berre stuten igjen.
Rådslag
Det blir rådslått kjapt over bålet ved gapahuken. Morgondrevet er unnagjort, me kastar innpå brødskiver og egg og styrtar nedpå termosar med kaffi, før kortesjen av pickupar og SUV-ar fresar opp skogsbilvegane, og armeen av oransjekledde med rifle på skuldra spreiar seg rundt heia. Eg blir plassert eit stykke nord for Skarkmyr, ei myr der ein i hine dagar jakta bjørn. På myra drog ein ut åte, skark, som regel ein gamal, utsliten gamp som blei skoten på staden. Deretter var det å sette seg på berget langsmed myra og vente på bamsefar. Faktisk var det så mykje bjørn i Drangedal i byrjinga av førre hundreåret at svenskeprinsen Wilhelm kom hit på bjørnejakt vinteren 1905. Det blei bomtur, og før han returnerte til Christiania med hest og dampskip, avleverte prinsen ein noko bitter avskjedsreplikk: «Om vi kommer åter en annan gong, måste bjørnen vara bunnit.» Få månader seinare var han ikkje lenger prins av Noreg. Det løner seg sjeldan å fornærme drangedølar.
Sjølv ventar eg på skogens konge. Eg finn meg ein liten kolle med open furu- og lauvskog rundt. Sola varmar gjennom gult, oransje og raudt lauv. Det er ein sedvanleg vakker dag i verdas vakraste land. Eg er kanskje partisk, men rettferdig. Maldivenes perfekte strender, Havannas 50-talspastellar, Georgias kvitkledde toppar blant knallgrøne åsar, dei tropiske øyene i Nicaragua-sjøen, mektige Himalaya eller det sydande Ngorogoro-krateret i Tanzania; dei er alle det vakraste eg har sett. Men Noreg er vakrare.
Lofoten, Vesterålen, Helgeland, Senja, Sunnmøre og Romsdal. Steile, spisse tindar som stuper i havet. Ingenting slår det. Skogen i Drangedal blir grytekjøt samanlikna med desse indrefiletane. Men ein god gryterett kan smake vel så godt som indrefilet, særleg nå som haustsola står lavt over fargehavet. Ein kan forstå at elgen trivst her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.