Mat
«Vil du smake om egget ditt er godt, skal du ete plomma rå.»
Smakar alle egg det same? Nei, det er eg ikkje einig i.
Foto: Erik Røed
Matmonsen
Eg skal innrømme at eg sjeldan hamnar i intense diskusjonar om høna og egget og kven av dei som kom først. Det er ikkje den slags folk kranglar mest om no for tida – dessutan er dette stridsspørsmålet no mest brukt som metafor i heilt andre debattar.
Om me held oss til det kulinariske, elskar eg både høna og egget.
Høna har blitt noko verre å få tak i enn før. Vi nordmenn er jo blitt så rike at me heller blandar ho inn i betongen enn å nytte ho som menneskemat. Ei stor skam, spør du meg. Men får du fatt i eit eksemplar, vert du rikeleg lønt. Flott kraft, magert og fint kjøt, og sjølv om det er mykje plukking og jobb, er hønsefrikassé framleis blant mine absolutte favorittar: ein klassikar som mykje oftare bør hentast fram i tider der matbudsjettet kallar på rimelege råvarer.
Egget, derimot, er noko dei aller fleste berre kan gå inn i kjøleskapet og hente, og trylle fram velsmakande retter med, proppfulle av protein og vitamin. Men er egg berre egg? Ein amerikansk matspaltist skreiv ein gong at «alle egg smakar det same». Ho har nok ikkje smakt norske egg frå høner som var fôra med sildemjøl.
Dei siste åra har fleire blitt meir bevisste på at høna skal ha bra fôr og eit godt liv, og eg lovar at dei egga eg får kjøpt frå min gode venn bonden Erik Røed, som saman med kona driv Herfra Gård på Sokna ved Hønefoss(!), smakar betre enn alt du får i butikken. Det spelar sjølvsagt inn at eg veit at desse hønene har hatt eit fritt og poetisk liv, der dei går leikande rundt og rotar i graset og jorda som dei skrullete små minidinosaurane dei er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.