Kunnskap

Vipa, ved vippepunktet

Tankegangen om at alt som ikkje gjev direkte økonomisk avkasting er bortkasta, har ført til at livsgrunnlaget for ein art som vipa forsvinn i Noreg.

Vaksen vipe. Særleg under hekkesesongen held vipa seg mykje på bakken, der reiret ligg. Slik fjørdrakt som individet på biletet har, kan svare til ei hoe i hekkesesongen eller ein hann på veg mot å få vinterdrakt.
Vaksen vipe. Særleg under hekkesesongen held vipa seg mykje på bakken, der reiret ligg. Slik fjørdrakt som individet på biletet har, kan svare til ei hoe i hekkesesongen eller ein hann på veg mot å få vinterdrakt.
Publisert Sist oppdatert

Kvar gong eg et rakfisk, må eg tenkje på henne: vipa. Det byrja for nokre år sidan, sør i Innlandet. Eg var då på vitjing hjå ein ornitolog som har jobba mykje med denne arten i dei siste åra.

Ho nemnde eit prosjekt som innebar å byggje eit «røyefjøs» ved ein innsjø. Der skulle det etablerast fiskoppdrett for å lage den tradisjonsrike delikatessa. Rakfisk sett frå vipeperspektiv på 2020-talet? Visjonen sette spor...

I høgtida for rakfisketing, kring jol, har vipene reist frå Noreg. Eg har ofte sett dei i store flokkar i Loiredalen midtvinters. I flukt glitrar vipeflokken på ein eigen måte. Særleg når det er overskya, men skylaget er så tynt eller holete at solstrålar trengjer gjennom, spelar lyset intenst, stundom stroboskopisk, med dei kvite underkroppane medan dei mørke, runde, breie vengjene slår i lufta. Når fuglane skiftar retning og viser overkroppen, blir det heilt svart, så skinande kvitt igjen, og så vidare til dess dei anten svinn eller landar.

På nært hald viser det som såg svart ut på himmelen, oversida av vengjene og kroppen, seg å vere skinande mørkegrønt, med glinsande skjær av ulike fargetonar. På hovudet ber vipa ein smal topp danna av nokre fjører. På svensk heiter ho tofsvipa. Presiseringa gjer det til eit betre namn med tanke på at det finst over 20 ulike vipeartar i verda. Om våren har hannane merkbart lengre fjørtopp og meir svart i andletet og på brystet enn hoene. Om hausten og vinteren er det langt vanskelegare å skilje kjønna.

Viper er kortdistansetrekkfuglar: Individ som held seg i Vest- eller Sør-Europa og Nord-Afrika om vinteren trekkjer til Nord-, Sentral- og Aust-Europa om våren. Nokre stader, der snøen ikkje dekkjer til dei næringsgjevande markene, kan dei vere stadfaste. Arten finst heilt til Japan i aust. Frå Tyrkia og austover går utbreiingsområdet gjennom mellom anna Afghanistan, India, Thailand og Kina.

Oppheld ein seg i det nordiske kulturlandskapet tidleg om våren, kan ein av og til høyre ein underleg lyd. Star Wars-fans vil meine å ha høyrt roboten R2-D2. Ser ein etter kjelda, vil ein få auge på ho: ein mellomstor fugl som flyg akrobatisk over berre jorde og ytrar denne utanomjordiske songen. Det er fluktspelet til vipehannen. Fluktspelet er både spektakulært og energikrevjande: Hannane manøvrerer seg i lufta, flyg bratt oppover, lèt seg så falle nedover og så vidare, det heile medan dei syng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement