Mat

Vossanova!

Femi Kuti: fullt trøkk og fullt på dansegolvet.
Femi Kuti: fullt trøkk og fullt på dansegolvet.
Publisert Sist oppdatert

Folk som kjenner meg, veit at eg ikkje er på Voss under Ekstremsportveko. Å nei, du, dit reiser eg på jazzfestival. Ikkje set eg meg i den drustelege gondolen heller – med min høgdeskrekk er det så vidt eg vågar meg opp på andre trinnet av ei gardintrapp.

Men jazzfestivalen har mykje å by på sjølv om ein er trygt på bakkeplan tre dagar til ende. Festival er òg ekstremsport. Nokre trur det er mogleg å få med seg alt, men lir du av FFÅM, den nynorske varianten av Fear Of Missing Out, vil eg ikkje tilrå Voss i palmehelga.

Det sydar og kokar og boblar i byen frå klokka tolv til godt over midnatt, så ein er pukka nøydd til å velje noko og velje anna bort. Med tanke på kor mykje god mat og vin ein kan få i seg på Voss, er det uansett uråd å kome seg opp til frukosten på hotellet. Løysinga er medbrakt Wasa og smøreost på tube, eller ei lynkjapp pølse med brød på Esso før konsertmaratonen startar.

Sidan eg er tungt råka av jazzbergers syndrom, har eg sidan min første jazzfestival i 1975 lært meg at tid er eit knappleiksgode, skal eg få med meg musikken. I den fullsette Vossasalen fekk eg fredagen oppleve både den eteriske og arabiskinfluerte musikken til Siwan, før det eksploderte med den heftige pulserande afrobeaten til Femi Kuta.

Nett slike konsertar, breiddfulle av rytmar, sveitte, opprør, dans og sensualitet, er blant dei viktigaste på jazzfestivalar, synest no eg. Det kan lett bli for intellektuelt og akademisk, altså det motsette av det son til Fela Kuti har å by på med sitt fosskokande nimannsorkester, inkludert tre dansande koristar i krigsmåling og luftige gevant.

Det tok ikkje lange tida før det litt trauste og forsiktige publikumet dansa ekstatisk framfor scena og skråla og song «Stop the hate!» av full hals.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement