Film

Ikkje heil og ikkje halv

Somme filmar glir forbi utan å vekka verken latter eller irritasjon.

Helan og Halvan vert spela av John C. Reilly og Steve Coogan.
Helan og Halvan vert spela av John C. Reilly og Steve Coogan.

Biografisk drama

Regi: Jon S. Baird

Helan & Halvan
(Orig. tittel: Stan & Ollie)

Med: Steve Coogan, John C. Reilly, Rufus Jones, Shirley Henderson

Stan Laurel og Oliver Hardy hadde dundrande suksess som duoen me her i nord kjenner som Helan og Halvan. Etter stortida i 30-åra var det heller stille, men som det blir skildra i boka Laurel and Hardy: The British Tours, tok dei ein slags avskjedsturné i Storbritannia som starta i Newcastle i 1953.

Basert på

Eg merkar meg at røyndomssuget blant filmskaparar må vera stort. Eg har ikkje sett statistikk over «basert på ei sann historie»-tittelen, men eg kan ikkje vera den einaste kinogjengaren som har lagt merke til at dette står skrive påfallande ofte før filmen sparkar i gang. Denne tvilsame måten å dokumentera fortida på er ikkje noko nytt fenomen, og i nokre tilfelle vil eg påstå det kan vera direkte falsk gjengjeving og dermed beint ut umoralsk.

Og så har du filmar som Helan og Halvan. Åtte månader om turnélivet til dei eingong store humorstjernene frå Hollywood er ikkje rare greiene å laga spelefilm av. Det er så eg må undrast på kvifor regissør Jon S. Baird har stått på for å realisera dette. For filmen står eigentleg på øvste hylle med tanke på handverket, eg skjønar berre ikkje fascinasjonen. Og han er ikkje overtydeleg i filmen heller.

Slapp stikk

Men OK: Helan og Halvan har gått ned i Hollywood-historiebøkene, så det er endeleg artig å få vita litt meir om dei. Med sine markante framtoningar trengst det både gode skodespelarar og gode sminkørar. Og tjukkedrakter no til dags, altså! Det er imponerande at John C. Reilly ser så til dei grader ut som røslege Oliver Hardy. Eg irriterte meg over kor falsk Anthony Hopkins såg ut som Hitchcock (2012), men det har tydelegvis vorte schwung over sakene sidan. Eg er i utgangspunktet stor Steve Coogan-fan (som Stavanger-veninna mi sa), og han gjer på ingen måte skam på rolla som Stanley Laurel.

Eg er mindre overtydd om all slapstickhumoren som er teken med. Det kan sjølvsagt ha å gjera med at slik humor ikkje får fram så mykje latter hjå meg, men det verkar som ei kunstig blanding. Eg vil ikkje seia det var bortkasta å sjå Helan og Halvan, men heilt optimal bruk av tida var det heller ikkje.