¿ Noko å gle seg til i 2020?
Lytt til artikkelen:
Eit nytt år, eit nytt tiår, har bretta seg ut for oss. I slike høve er det naturleg å sjå framover og freista finna ut kva det er som ventar oss. Spådomar om alt som kan gå dårleg, ligg det ikkje til Innsida å ta seg av. Det er nok av stader du finn det. Her skal me tvert om trekka fram det som skal få det til å brusa litt i hovudet ditt. Hendingar me kan gle oss over i det året som akkurat har byrja.
Nokre sportslege høgdepunkt vert det alltid: Skiskyttarar og skeiselauparar har VM minst kvart år, skeisefolket har fleire, medan sumaridrotten kan gle seg til OL i Tokyo. Det kjem til å verta ein milepåle, sidan det framover ikkje vert særleg mange olympiske leikar i demokratiske land.
Landskappleiken er òg ei årleg glede, saman med VM i krabbefiske i Sandnessjøen.
Me kan forventa oss ei ny plate av Bjørn Eidsvåg og Åge Aleksandersen og ei bok eller to av Jo Nesbø og Edvard Hoem, vil me tru.
Norsk film surfar på ei suksessbylgje etter filmar som Bølgen, Skjelvet og no sist Tunnelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.