Ordskifte om Sachertorte
Lytt til artikkelen:
Innsida har fått på pukkelen for å ha skrytt for mykje om den austerrikske kaka frå Sacher Hotel i Wien. Øystein Hovkinn som levde fem år i Wien, hevdar i ei lengre utgreiing at kaka er meir eit PR-triks. Ho er både turr og middelmåtig og aldri servert som dessert. Innsida har difor teke munnen for full når me hevda at det var ein legendarisk austerriksk dessert. Øystein meiner det utvilsamt må vera Keisarschmarrn (keisarvrøvl), som var til fordi keisarens kokk var uheldig med ein dessert. Men keisaren ville smaka og likte han så godt at han vart ein nasjonalskatt. No skal ikkje Innsida starta ei «austerrikske matskattar»-spalte, men me takkar Øystein for presiseringa og legg til at han òg meiner at Martin Gansel (heil grilla gås, som me kjenner som mortensgås) òg bør nemnast når det austerrikske kjøkenet skal få ein sjeldan omgang med heider og ære.
Dette er betre enn snitzel, seier Øystein.
Innsida ber difor lesarane sjå bort frå det som vart skriva om både Sachertorte og snitzelen.
Matskatt nr 42: Kraftkar
Den kjende osten frå Tingvoll er naturlegvis ein matskatt. Ikkje berre er han ein svært populær ost blant kjennarar her i landet. Han er òg kåra til verdas beste ost, uansett type, på World Cheese Awards i 2016.
Kraftkar fekk òg Champion of Champions-prisen, som fyrste ost i den 28 år gamle kåringssoga.
Det heile byrja 13 år tidlegare på garden Saghaug i Tingvoll. Denne garden har handverkstradisjonar som går attende til 1303. To av dei tre generasjonane som bur på garden, sette seg ned for å diskutera framtida til garden. Dei ville satsa. Mange ulike former for matproduksjon var på lista, men heldigvis for oss var dei samde om å laga ost.
Og ikkje berre laga dei ein ost. Dei sa alt då at dei skulle laga ein ost i verdsklasse.
Mor Solvor Wangen vart send på ystekurs i Sverige og kom motivert attende. Tida var moden. Lokalmat var i skotet, og landbruksminister Lars Sponheim hadde opna for lokale ysteri utan at det gjekk ut over mjølkekvota.
Far Gunnar styrer kyrne, svigerson Egil er meieristyrar, dotter Kristin er dagleg leiar og mor Solvor er ystesjef.
Kraftkar er laga av fersk kumjølk og tilsett blåmuggkultur – og ein skvett fløyte.
I 2006 tok dei mot til seg og sende ein ost til Arne Brimi. Han gav dei tommel opp, og resten er eit eventyr.
I dag finn du Kraftkar på dei finaste restaurantar i inn- og utland, men òg i ostediskar over heile landet. Innimellom er det ventetid på osten. Skal du vera sikker, bør du ta deg ein tur til Tingvoll, for den flotte osten har ført til at osteelskarar over heile verda gjer om lag kva som helst for å få tak i han. Éin ostehandlar kom frå Spania for å kjøpa alt dei hadde. Men på Tingvoll er dei nøye med å la alle få, slik at ingen store grossistar frå nevane sine i osten. Dei prioriterer norske butikkar og garanterer at alle som kjem innom det flotte meieriet, skal få med seg ein Kraftkar.
Osten er oppkalla etter ein veldig stor og sterk dreng, Tore Nordbø, som levde her i mellomalderen.
Ysteriet har vorte eit reisemål og har ein flott kafé og butikk. Kjem du innom, får du sjølvsagt òg sjå kyrne, som er sjølve løyndomen til verdas beste ost – saman med gode ystarar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.