Det står august i almanakken, men når svenskane skal dele ut Augustprisen, gjer dei det i november. Dette er ikkje så bakvendt som ein kanskje skulle tru, sidan den fine litteraturprisen har namn etter forfattaren August Strindberg og ikkje etter månaden vi er i no. Visste du at i tillegg til prispengane, som er på 100.000 kroner, får prisvinnarane ein tre kilo tung statuett i bronse? No veit du det.
Løysingsforfattaren denne veka har ein slik statuett heime på peishylla, eller kor ho no har han. Ia Genberg fekk i 2022 den prestisjetunge prisen for boka Detaljerna, og her må me ta ein titt på noko pussig. For kva ligg i detaljane? Er det Gud eller er det djevelen?
Ifylgje den franske forfatteren Gustave Flaubert er det den gode Gud som ligg i detaljen, han pla seie: «Le bon Dieu est dans le détail.» Usikre kjelder vil ha det til at filosofen og rabagasten Friedrich Nietzsche irriterte seg over denne utsegna. Kan hende er det grunnen til at han vart opphavsmann til den motsette konklusjonen, nemleg: «Der Teufel steckt im Detail.» Altså at det er djevelen som ligg i detaljane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.