Grua for gruva

Publisert Sist oppdatert

I dag skal me fyrst attende i tid, til Vest-Afrika og til Liberia. Kan hende var det der, i 1927, det mest korrupte valet i verdshistoria gjekk føre seg. Valet stod mellom den sitjande presidenten Charles Dunbar Burgess King og utfordraren Thomas Jefferson Richelieu Faulkner. Etter at stemmene var talde opp, erklærte Charles D.B. King seg sjølv som valvinnar, med ein knusande siger på heile 96,23 prosent av røystene. Noko av skepsisen til dette valresultatet kom moglegvis av at medan talet på registrerte veljarar i Liberia var 15.000, viste dei offisielle dokumenta at president King hadde fått omtrent 230.000 røyster. Det vil seie ei valdeltaking på 1590 prosent.

Diverre, eller heldigvis, er det ikkje slike tal me opererer med når me no har talt røystene for eller imot kviss med Store-Knut i juleutgåva av Dag og Tid. Det er med fryd Klok-redaksjonen kan melde om at også i år vert det Hamsun i høgtida. No vart du vel glad, Gunder Runde?

Denne gongen var det mange innsendarar som nemnde at dei ville ha grua seg om dei skulle inn i same gruva som løysingsforfattaren bar på ein draum om å vitje. Laurits Killingbergtrø skriv: «I Klok-boka denne gongen blir vi godt kjende med Marit Eikemo og familien og omgangskrinsen hennar. Boktittelen hennar er da òg Vi er brødrene Eikemo. Mykje av skildringane skjer naturleg nok i heimestroka i Hardanger, men ein gong kjem ho seg på ei lengre reise til Svalbard. Noko av føremålet er å få oppfylt ‘ein draum ho ber på‘, nemleg å få kome seg ned i ei kolgruve. Ho blir med til Gruve 7, som ligg på Svalbards største øy Spitsbergen, på sørsida av Adventsdalen, mellom Bolterdalen og Foxdalen. (Nøgd, Medikus?) Ein draum for Marit, ja, men eg opplever heller klaus når eg les om ferda hennar i liggjande stilling sju kilometer inn i fjellet, der avstanden mellom tak og golv berre minkar. Kvar si lyst. Men den som det har, har sjansen fram til gruva stengjer drifta neste år.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement