Folk som har forstand på vatn og grunnforhold, kan finne på å påstå at stillaste vatnet har djupaste grunnen. Kan hende skulle ein tru at stillaste vatnet finst i ein djup innsjø, som til dømes Hornindalsvatnet, men då har me gløymt noko vesentleg. Det djupaste punktet på jordkula finn me nemleg i Marianegropa. Og kor ligg ho? Sjølvsagt i Stillehavet.
I botn og grunn er det ikkje målingar av marine djupner seiinga om stillaste vatnet handlar om. Tydinga er vel at den som seier lite, ofte kan vere den mest djuptenkte. Boklækjaren er glad for dette ordtøket. Ikkje minst når det står heilt stilt for meg.
Her i bokstova veit me ikkje om Gunder Runde er still og smålåten på heimebane i Ulsteinvik. Me set uansett stor pris på at han ikkje teier og er tagal når det kjem til oppgåvene her i bokhjørnet. Denne gongen skriv Gunder: «Det er ikkje så mange som gir ut bøker både på nynorsk og bokmål! I farten kjem eg på berre ei, nemleg Marit Tusvik. Når eg søkjer på fødselsåret hennar, ser eg at eg har full klaff, ho er fødd i 1951, same året som Pär Lagerkvist fekk Nobelprisen. Boka har tittelen Stille og fint, og han som skal ut og flyge, har Vigra som reisemål. (Sunnmøringar med meir finsleg sprog seier rett nok Ålesund lufthavn, men…) Marit Tusvik har ein omfattande og variert produksjon bak seg, ho starta med diktsamlingar, gjekk seinare over til barnebøker (som ho til dels illustrerte sjølv), og så gav ho ut sin første roman for vaksne i 1991, Ishuset, som eg meiner er hennar beste bok hittil. Eg leitte fram boka i hylla mi, og då fall der ut eit pent samanbretta ark med følgjande tekst på: ’Du vann i Klok på bok nr. (utan årstal), beste helsing Dina’! Dina var den første klok-redaktøren og pioneren for denne spalta, og skal truleg ha æra for at eg byrja å lese Tusvik! Seinare bøker av henne som eg har hatt stor glede av, er Fleur, med emne frå Nord-Afrika, der ho budde ei tid, og Sigrid Finne, med mor hennar i hovudrolla.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.