Hoppande pengarDet kjem berre meir og meir e-post. Dei siste vekene har eg fått hundrevis av e-brev med tilbod om å tene pengar, kanskje fordi det er jul = pengesluk. Alle breva – sjå døme nedanfor – er skrivne av damer med heilnorske namn, og siste setnin

Det hadde vore fint å sleppe å dra rumpa til jobb, dag etter dag, ofte med ein unge eller to på slep. Ein blir skakk i rygg, bein og fingrar, og ein taper attpåtil meir enn ein tener.
Det hadde vore fint å sleppe å dra rumpa til jobb, dag etter dag, ofte med ein unge eller to på slep. Ein blir skakk i rygg, bein og fingrar, og ein taper attpåtil meir enn ein tener.
Publisert

Det kjem berre meir og meir e-post. Dei siste vekene har eg fått hundrevis av e-brev med tilbod om å tene pengar, kanskje fordi det er jul = pengesluk. Alle breva – sjå døme nedanfor – er skrivne av damer med heilnorske namn, og siste setning er ei lenke ein kan trykke på. Damene skriv hyggeleg og konsist, omtrent som i eit godt julekort, ja, er dette det nye julekortet?!

Gerd: Liker du ikkje å jobbe? Elskar du pengar? Gi deg sjølv vilje, ver fri.

Siv: Er du lei av å dra rumpa til jobb? Stans! Stopp å jobbe som ein hest!

Else: Få automatisk inntekt frå børsen. Pengane kjem sjølv inn i lomma.

Toril: Har du sett prisane? Eg er sjokkert. Men no kan du få inntekt frå internett og kjøpe alt du vil.

Liv: Dama mi, ei blondine, tener 3000 $ i veka. Pengar hoppar i trusa. Prøv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement