Klok på bok

Litt av ein Karl

Publisert Sist oppdatert

Då nobelprisvinnaren i litteratur (2002) Imre Kertész, i 2012 vart intervjua om stoda i heimlandet Ungarn, valde Kertész å sitere den austerrikske forfattaren Karl Kraus: «Situasjonen er desperat, men ikkje alvorleg.»

Slike seiingar finst det flust av hjå Kraus, han var ein språkleg og litterær ekvilibrist. Ikkje minst kom dette fram i lyset i tidsskriftet Die Fackel, som Karl grunnla i 1899. Karl Kraus var bladstyrar og skribent for denne publikasjonen heilt fram til han døydde i 1936. I alt kom det 922 utgåver av Die Fackel, og i krinsen kring Kraus i Wien, var mellom anna Egon Friedell, Oskar Kokoschka, Heinrich Mann, Arnold Schönberg, August Strindberg og Oscar Wilde. Der skulle vi ha vøri, Karl.

Eit siste sitat frå Karl Kraus skal de få: «Når ein mann vert handsama som eit beist, seier han: ’Eg er trass alt eit menneske.’ Når han oppfører seg som eit beist, seier han: ’Eg er trass alt berre eit menneske.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement