Klok på bok
Misnøgd murring
Førre veka tok me føre oss kunstig intelligens (KI) her i bokhjørnet. Kan hende vert det misnøgd murring blant lesarane når me no vil bruke nok ein bolk på å vise kor eminent ein reiskap dette er. Men som alle veit: Når det ikkje kan vere annleis, lyt me leve med at det er som det er.
Ein reieleg innsendar har nytta instrumentet ChatGPT, og ho skriv: «Eg er lei for å meddele at tida for rettferdige konkurransar, som gir offentleg honnør i avisa til ’klokingar’, kan vere over.»
Sjølv om endetida er nær, set me av ei lita stund til å sjå på kva KI-en svara på oppgåve 1651. Ut frå eit sitat og små hint bad me om formelen på eit russisk byggjemateriale, namn på forfattar og tittelen på løysingsverket. ChatGPT skriv: «Sitatet er frå side 112 i den norske utgåva av Italo Calvinos roman Hvis en reisende en vinternatt. I denne boka finn ein òg ei oppskrift på eit russisk byggjemateriale. I Calvinos roman blir det skildra eit russisk byggjemateriale kalla kizjukk. Dette materialet blir framstilt ved å blande leire med finhakka halm, som deretter blir forma til blokker og tørka i sola. Desse blokkene blir brukte til å byggje hus og andre strukturar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.