Klok på bok
Namn og rykte
Klok-redaksjonen er som folk flest. Me trur det beste om oss sjølve. Ikkje minst er sjølvtilliten på topp når det gjeld å plukke ut gode bøker til oppgåvene her i bokhjørnet. Diverre har me òg noko anna til felles med majoriteten av menneske, nemleg at éin negativ respons veg tyngre enn eit utal positive.
Denne gongen var det svært mange som hadde lese løysingsromanen, og det store fleirtalet som kom med kommentarar, var oppglødde og begeistra for boka. Faktisk fekk me berre éin kritisk merknad, men det var til gjengjeld eit svar som sveid i hjartet. Med eigne ord er innsendaren «ein surmaga gamling», og han skriv mellom anna: «Ikkje litteratur som eg treng å kaste bort tid på. Men då er vi inne på eit interessant tema: typisk kvinnelitteratur/ typisk mannslitteratur. Fort gjort å lese – tilsvarande fort gjort å gløyme heile boka.»
Boklækjaren er usikker på om det er eit interessant tema den surmaga gamlingen skisserer. Her i bokstova opererer me ikkje med slike skilje, me vil helst ikkje skade vårt gode namn og rykte. Dessutan har me ein kalender med årstalet 2024 på. Ikkje ein frå 1970.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.