Denne gongen skal me sjå på ei litt artig vending dei nyttar i Danmark, men som me ikkje har på norsk. Det sentrale elementet i seiinga er kan hende ikkje noko du ser i alle interiørmagasin no om dagen, men habile kryssordløysarar kjenner til at når stikkordet er møbel, kan løysinga vere nattpotte. Sidan alle veit at det er snakk om ei potte til å late vatnet i om natta, vil eg ikkje bruke tid på å nemne dét.
Det danske uttrykket er: «have drukket af natpotten», og tydinga er å gå frå forstanden, vere galen. Eit døme på korleis seiemåten vert brukt i Danmark, kunne vere: «Har Putin drukket af natpotten?» Me trur svaret er ja.
Laurits Killingbergtrø har definitivt ikkje drukke av nattpotta. Han skriv: «Takk til Medikus for ny bokgåte, og takk til dykk som sende alle dei interessante og artige kommentarane til oppgåva sist. Såleis frå Skeisebibliotekaren i Lademoen skøyteforening. (Eg har snoka deg fram, eg, sjø – greitt?) For å løyse oppgåva i dag kan vi gå ut frå nobellause årstal, og dei kan vi på rams no. Men både Wikipedia, Store norske og Oria var til så lita hjelp denne gongen. Dermed vart det eit heilt bask før eg kunne lande på den islandske forfattaren Frída Áslaug Sigurdardóttir og boka hennar med tittelen I nattens løp i den norske omsetjinga av Jon Gunnar Jørgensen. Det var fengslande å lese om forteljaren Nina og forfedrane hennar i det nordvestre Island. Men som vanleg måtte eg med det eine auget halde utkik etter tilleggsspørsmålet frå Medikus. Mora til Nina heiter Tordis, og mannen hennar heiter Olav, slik det går fram på side 146 og i slektslista bak i boka.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.