Nord-Noregs eldste og beste pubDet er alltid farleg å utropa noko til det beste i landet, men det har me her i Innsida for vane å gjera. Det gjer me i denne utgåva òg. Vardø, heilt nord og aust i landet vårt, er ein by med ei sterk soge. Heilt frå Christia
Det er alltid farleg å utropa noko til det beste i landet, men det har me her i Innsida for vane å gjera. Det gjer me i denne utgåva òg. Vardø, heilt nord og aust i landet vårt, er ein by med ei sterk soge. Heilt frå Christian Kvart drog på ei farefull ferd heilt nord til Vardø i 1599 for å markera at dette var dansk-norsk territorium, har byen hatt ein heilt spesiell posisjon som ein særprega utpost. Sjølv om det meste av dei fine trehusa i Finnmark vart brende av tyskarane, klarte Vardø å redda over 100 hus.
I eitt av desse flotte gamle minnesmerka over det gamle bylivet så langt nord ligg Nordpol Kro. Ikkje ukjend blant fiskarar og kystfararar, men kanskje ikkje så kjend blant Innsida sine lesarar. Me tek difor på oss å slå eit slag for denne legendariske puben.
Heilt sidan 1860-talet har kroa vore open. Det klassiske og svært innbydande interiøret har nok vore ramma for mang ein ramsalt kveld. Nordpol Kro er framleis eit sterkt og aktivt kultursentrum i Vardø med både «Blues i vintermørke» og forteljarfestival. Levande musikk er titt og ofte å høyra. Stikk du innom, vankar det nok både ei og anna fiskeskrøne og eit spanande rykte frå den kalde krigen.
Gamle heltar i godt driv
Innsida var nyleg på Skreifestivalen på Myre i Vesterålen, visstnok den hamna i Noreg der det vert landa mest av den gode torsken. Maten var naturlegvis svært fersk og god. Vêret strålande. Og den som har møtt ein sur vesteråling, kan rekka opp handa, for han trur me ikkje finst. Stemninga når fiskebåtane ligg tett i tett og havet byr på det beste ein kan tenka seg, er naturlegvis heilt på topp. Og toppa det kan kulturlivet på desse kantar, når det musikalske er i høgsetet seint om kvelden.
Ein må vel kunne kalla det dobbelt opp når både Ketil Stokkan spelar Zoo og Banana Airlines kjem til Flånøren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.