Norske matskattar 18: kakebordEit skikkeleg kakebord er noko av det mest tradisjonsrike me har her til lands. Noreg, dugnadslandet, er på sitt finaste når ei heil bygd viser fram kakekunstane som finst der.
Eit skikkeleg kakebord er noko av det mest tradisjonsrike me har her til lands. Noreg, dugnadslandet, er på sitt finaste når ei heil bygd viser fram kakekunstane som finst der.
Kakebord er naturlegvis ikkje ein einskild rett, men eit fenomen og ei matoppleving. Innsida har valt å ta det med i serien om norske matskattar. Ein serie som saknar sidestykke i norsk matformidling. I heile 18 avsnitt har Innsida lyfta fram det ypparste innan den norske maten, utan så mykje som eit eingongstilskot frå Mat- og Landbruksdepartementet.
Og denne gongen viser me fram kakebordet, sjølve samlingspunktet i kulturlivet i mange bygder. I år fekk Innsida med seg to legendariske kakebord. Det fyrste på Skrova, der det årlege motbakkeløpet til idrottslaget vart feira med eit bord der ikkje noko mangla på kakefronten. Alt var av ypparste handverk. Skal ein likevel lyfta fram ei av kakene, må det vera Kvefjordkaka der i bygda.
Seinare på sumaren var Innsida til stades i Gamvik i Finnmark, der mellom andre Petter Carlsen og Frode Alnæs heldt kyrkjekonsert. Det som er vanleg der i traktene, er å dele opp kulturframsyninga med ein skikkeleg kaffi- og kakepause.
Innsida veit at lesarane våre set stor pris på kaker. Mange har nok flotte bord å visa til. Det er difor naturlegvis vågalt å utropa Gamvik kyrkjelyd til å ha det flottaste kakebordet nord for Lindesnes. Men Innsida vel å gjera dette til det motsette er prova.
Det vil vera veldig overraskande om ikkje køen framfor kakene til Gamvik kulturdugnad vert endå større neste år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.