¿ Norske matskattar nr. 34: reinsdyr

Publisert

Lytt til artikkelen:

Reinen finn ein sjølvsagt i fleire land enn vårt eige. Likevel er det noko urnorsk over dette hardføre hjortedyret. Mange vil hevda at det var jakta på nettopp reinen som gjorde at folk trekte nordover og vart nordmenn. Soga er tusenvis av år gammal, og du kan sjå helleristinga i Alta som eit prov på det. Korleis reinen har skapt grunnlag for liv, og ikkje minst korleis me har sett han til livs, er ein norsk matskatt – ein av dei aller viktigaste.

Reinkjøt er ei delikatesse som har vorte meir og meir verdsett. I dag er den samiske kulturen både i nord og i sør sterkt knytt til reinsdyret. Den aukane bylgja av turistar som finn vegen til dei nordlegaste traktene våre, får rettar med reinkjøt som ein viktig del av opplevinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement