Filosofen Jacques Derrida vart fleire gonger skulda for å snakke i paradoks heile tida. I svaret på skuldingane var filosofen krystallklårt kryptisk: «Eg snakkar ikkje i paradoks heile tida. Men når eg gjer det, gjer eg det ikkje.»
Ja, slik byrjar me denne sesongen med leiting etter løysingar på litterære gåter her i bokstova. Og me er langt frå ferdige med det paradoksale. Me skal nemleg snakke litt om Gilbert Keith Chesterton (1874–1936), han som vart kalla fyrsten av paradoks, veit du. For å fastslå at Chesterton ikkje var nokon kvensomhelst, kan me nemne at han blei nominert til nobelprisen i litteratur i 1935, og at han var yndlingsforfattaren til Sigrid Undset. Ut over Undset skal Gilbert ha påverka skrivinga til Jorge Luis Borges, Karel Čapek, Graham Greene, Ernest Hemingway, Franz Kafka, C.S. Lewis, Gabriel García Márquez, George Orwell og Evelyn Waugh. Med fleire.
Nokre døme på paradoksa til Chesterton lyt me sjølvsagt presentere. Det fyrste har litt humor i seg: «Somme spring så fort at dei aldri kjem fram.» Meir patos er det over postulatet: «Å elske betyr å elske det ein ikkje kan elske. Å tilgje betyr å tilgje det utilgjevelege. Tru betyr å tru på det utrulege. Håp betyr å håpe når alt verkar håplaust.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.