Klok på bok

Polsk riksdag

Publisert Sist oppdatert

Det står mykje polsk på programmet i dag. Fyrst skal me sjå på ei gammal seiing, nemleg «polsk riksdag». At uttrykket tyder «usamd» og «larmande forsamling», er noko alle saman veit, men kor kjem vendinga frå?

Me skal til realunionen Polen-Litauen og til året 1652. Då vart det for fyrste gong lagt ned eit liberum veto i det polsk-litauiske parlamentet Sejm. Alle riksdagsmenn kunne leggje ned eit slikt veto, noko som hadde som konsekvens at parlamentet måtte oppløysast. Særleg i byrjinga av 1700-talet medførte ordninga eit salig spetakkel i Sejm. På denne tida vart det sjølvsagt svært vanskeleg å vedta lover og reformer i realunionen.

I 1791 vart det endeleg slutt på mykje av ståk og styr i parlamentet. Ei ny grunnlov kom til å byggje på fleirtalsavgjerd. Men framleis lever seiinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement