PotensialSommaren er over. Farvel, telt, saltvatn, nakne tær, parkfestivalar, molteplukking og ro, ro til fiskeskjær. Hallo, sutring over lekser, brøling på sidelinjer, sokkejakt, styremøte, EU-kontroll, skriking i trafikken, bustadjakt, språkrøkt og gener
Sommaren er over. Farvel, telt, saltvatn, nakne tær, parkfestivalar, molteplukking og ro, ro til fiskeskjær. Hallo, sutring over lekser, brøling på sidelinjer, sokkejakt, styremøte, EU-kontroll, skriking i trafikken, bustadjakt, språkrøkt og generell uro. Kveldane blir mørkare og mørkare, og folk greier berre ikkje å skrive «potensial». Dei har med andre ord eit visst potensial, eigedomsmeklarane og journalistane og alle andre som skriv «potensiale». Potensialet er stort, ja, men det finst faktisk ingen mellomting. Vi har «ritual», «adverbial», «signal», «areal», «kvartal», «pennal» og «potetskal», sjå, utan E, akkurat som «potensial».
Potensielt kan vi slutte å bruke ordet «potensial», og heller seie at alt er bra nok.
Positivt
Fleire og fleire meklarar sel bustader der ein får ein mann på kjøpet. Er du heldig, er bustaden i tillegg «arkitekt teikna», «ende rekkehus» eller til og med «del av tomansbustad», det vil seie at det er plass til to hestar der, ikkje berre éin.
Endå betre
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.