I dag vert det vaksenopplæring her i bokstova. Me lyt seie noko om ein nobelprisvinnar i litteratur, og det gjer me av di me mistenkjer at mange av lesarane har eit hol, eller eit krater, av ukunne om Ivan Aleksejevitsj Bunin.
Som ung vart Bunin tidleg ein mykje lesen og verdsett forfattar i heimlandet Russland, ofte motteken som ein ny Turgenev. Dei fyrste forteljingane og romanane var ikkje berre litterært, men også ideologisk i tråd med Lev Tolstoj og den moralfilosofiske læra hans. Bunin kjende Tolstoj privat, og etter kvart skulle fleire store personlegdomar få plass i adresseboka til Ivan. Nokre døme frå omgangskrinsen kunne vere Maksim Gorkij, Thomas Mann, Romain Rolland og André Gide.
Bunin støtta februarrevolusjonen heilhjarta, men han såg på oktoberrevolusjonen som ein pest. I 1920 emigrerte han til Frankrike og vende aldri attende til Russland. På denne tida pla han seie: «Me forlét Russland for å kunne halde fram med å vere russiske.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.