Klok på bok

Skogens ro

Publisert Sist oppdatert

I dag vert det ikkje mykje prat om gull i spalta du les no. Til gjengjeld kjem ein god del til å dreie seg om grøne skogar. Me skal til skogs, og no skal det vel vere ein lesar eller to som straks tenkjer at det er fordi me skal sjå til alle svina me har subbande rundt trea. Så vidt eg kan hugse, har ikkje boklækjaren særleg mange svin på skogen, men både du og eg veit at hugsen kan arbeide selektivt og spele oss eit puss.

Når ein er på tur i skogen, vil ein ikkje ha ståk og larm. Tidt og ofte er det skogens ro ein søkjer. Då kan det vere irriterande om du frå lia høyrer ein gauk som opp att og opp att gjel «ko-ko». Ikkje irriter deg over gauken, han har òg rett til å vere i skogen. Trøyst deg heller med at om du reknar med deg sjølv, er de to.

Gunder Runde hadde ikkje problem med å sjå skogen for berre tre. Han skriv: «No skal vi fram til ein av dei store klassikarane frå amerikansk boksoge frå midten av 1800-talet, nærare bestemt 1817–62. Sigmund Skard karakteriserer han med orda ’ein gufs av noko sunt jordisk’ i band 8 av Verdens litteraturhistorie. Og mannen er Henry David Thoreau, Skard kallar han ’transcendentalist’, kva han no meiner med det. Thoreau var sprenglærd, gresk, austerlandsk poesi, engelske metafysikarar osv. Men han er best kjend for sitt forhold til naturen, spesielt skogane. Han har ’eit drag av faun utan det sensuelle’, meiner Skard. Og den boka som har stått att som den viktigaste i Thoreaus produksjon, er Walden, eller Life in the Woods (Livet i skogene), bygd på hans 2-årige opphald ved den vesle innsjøen Walden, der han budde i ei lita, sjølvlaga hytte mellom mars 1845 og september 1847. Eg blæs støvet av mi engelskspråklege utgåve og blar meg fram til sluttorda i boka: ’The sun is but a morning star’, i norsk omsetjing noko slikt som ’sola er berre ei morgonstjerne’. Ifølgje teksta på baksida av mi utgåve, måtte Thoreau låne ei øks for å byggje hytta si. Ein slags Robinson Crusoe-variant, der han går veldig djupt inn i detaljane kring det livet han førte i skogsterrenget (rettnok like i nærleiken av heimstaden sin, ’ein halvtimes gange’, seier Skard). Ei mengd detaljerte observasjonar frå dette livet, der han dyrka grønsaker og plukka bær til livsopphaldet sitt (men sa ikkje nei til mora sin eplepai, seier Skard). Thoreau skreiv også dikt, og er i tillegg kjend for eit viktig essay om sivil ulydnad – On the Duty of Civil Disobedience, som mellom anna inspirerte Gandhi i hans filosofi om passiv motstand. Nobelprisvinnaren som var fødd same året som Thoreau døydde (1862), var belgiaren Maurice Maeterlinck.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement