Skrifta på veggen

Publisert Sist oppdatert

Mene, mene, tekel ufarsin er dei løyndomsfulle orda som ifylgje Bibelen vart skrivne på veggen under ein fest heime hos kong Belsasar. Det er rimeleg å gå ut frå at selskapet hadde nok vin, for ingen av deltakarane fekk med seg kven som skreiv desse orda, og dagen derpå vart det sagt at det var ei usynleg hand som hadde laga graffitien. Tydinga av skrifta på veggen var at kongedømet til Belsasar var slutt, og sanneleg gjekk det troll i ord: Belsasar vart drepen, og kong Kyros blei ny herskar.

Kan hende hadde forfattaren Isaac Asimov sett skrifta på veggen då han hevda: «Anti-intellektualisme har vore ein konstant tråd som snirklar seg gjennom det politiske og kulturelle livet vårt, livnæra av ei falsk førestilling om at demokrati tyder at vankunna mi er like god som kunnskapen din.» Eg seier ikkje at påstanden er dekkjande for valkampen til Donald Trump. Eg seier heller ikkje at han ikkje er det.

Så til Gunder Runde som skriv: «Og eg som tenkte at dette var enkelt – berre å leite fram Årets bøker 1994, og blade aldri så lite. Men då vart eg lurt! Eg leita og funderte på bok etter bok, utan at eg fann noko brukbart alternativ. Og dermed så måtte eg til att ’på gamlemåten’, finne skandinaviske nobelprisvinnarar og kombinere med Litteraturåret, først 1963, deretter 1994, men like lite hjelpte det. Eg lurte på å ringje Laurits K. og få hjelp med Oria, som han lovpriser. Men som siste krampetrekning før eg gjekk så langt, slo eg opp på svensk Wikipedia (som eg har eit par gode minne frå) og fann fram til Litteraturåret 1963, svensk utgåve. Og der stod det forsyne meg nemnt ei bok som eg nettopp hadde lese om i Bokmagasinet ein laurdag, nemleg Veggen, av den austerrikske forfattaren Marlen Haushofer, fødd 1920 (m.a.o. Hamsun). Og jammen fekk eg tak i boka på Bookbites, og no har eg nettopp lese heile boka – ei fascinerande framstilling av ein slags kvinnevariant av Robinson Crusoe, forlaten åleine i fjellheimen saman med ein hund, innestengd av ein usynleg vegg (boka er skriven like etter bygginga av muren mellom Aust- og Vest-Berlin, noko som gir meg assosiasjonar om denne typen ’vegg’). Ei fengslande bok, skriven i dagboksform, og med daglege arbeidsoppgåver som tema. Ei av dei beste bøkene eg har lese i år! Hovudpersonen omgir seg med ulike dyr, først og fremst hunden Fuchs, men etter kvart også kua Bella, kattane Katten og Perle, stuten Stuten osv. Haushofer slo igjennom i 1952, men vart først ’skikkeleg’ kjend for Veggen, sjølv om denne boka ikkje vart utgitt på norsk før i 1994, dvs. meir enn 30 år etter at ho vart skriven på tysk. Det er Unn Bendeke som har omsett boka, ein av dei store omsetjarane av tysk litteratur til norsk. Haushofer døydde i 1970.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement