Smil etter smil
John Erik Wagner (Kærlighedspartiet), som har valt å framheve andre attributtar enn smilet på valplakaten sin, som han har brukt sidan 2015, vil ha borgarløn og meir klemming.
Då er det over, kommunal- og regionalvalet i Danmark, og eg er nøgd, særleg med
vorspielet: Eg tok båten ned og sprang inn i København, yr. Danskane har så mange og morosame parti, for ikkje å gløyme valplakatar en masse. Det er ein annan, festlegare flat klode.
Den første eg jogga forbi, i Nyhavn, var Turid Leirvoll frå Socialistisk Folkeparti. Ved sida av henne hang overborgarmeisterkandidat Sophie Hæstorp Andersen (Socialdemokratiet) og ropte: «Mere fælles. Mere lige. Mere grøn.» Dei smilte breitt.
Theresa Scavenius og Mikkel Bahl frå Klimapartiet Momentum smilte, Anastasia von Wildenrath Løvgreen frå Nye Borgerlige smilte. Eg smilte tilbake og jogga inn i Christianshavn, der Christian Kubel Højmose (Det Demokratiske Parti), Tommi Raalind (Københavnerlisten), Sally Khallash (Radikale Venstre) og kule Line Barfod (Enhedslisten – De Rød-Grønne) hang og smilte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.