Sommartider

Publisert Sist oppdatert

Sommartider, hej hej, sommartider! Ja, slik seier dei det i Sverige. Det er ein sjarmerande entusiasme for sommaren hos vårt svenske broderfolk, men utan å forkleine teksten til Per Gessle, kjem han ifylgje Klok-redaksjonen inn som nummer to i konkurranse med Aslaug Låstad Lygre og Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.

Det er noko vakkert lågmælt over orda til Lygre: «Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre.» Medan Gessle og bandet Gyllene Tider kaukar: «Läppar mot läppar, två hjärtan i brand». Her treng me ikkje VAR, det er krystallklår heimesiger.

No tek me straks velfortent ferie her i bokstova, me er attende fyrst 2. august. To tips på tampen: 1. Poesifestivalen i Ulvik går føre seg 13.–15. september, og sjølv om boklækjaren ikkje er på programmet i år, vil eg varmt tilrå lesarane å planleggje ein tur til fruktbygda på seinsommaren. 2. Ei fin lita bok du kan lese i sommar, er Polakken av John Maxwell Coetzee. Han er 84 år og i toppform. Det er diverre ikkje alle på hans alder som kan seie det same.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement