Klok på bok
Ung og urøynd
For mange av oss var det å vere ung ei herleg tid. Då Knut Hamsun skulle skrive avslutninga på nobelpristalen, var det vitaliteten til dei unge han tenkte på. Før Store-Knut heva, og tømde, glaset i Stockholm 10. desember 1920, sa han: «… jeg mangler det viktigste, det eneste, jeg mangler ungdom.»
Når ein er i ein alder der det byrjar å knirke i knea, er det freistande å påpeike at det heile ikkje var gull i ungdomen. Særleg i perioden då ein trur at ein veit alt, er det mykje som i ettertid ikkje er noko å vere særleg stolt av. Eg hugsar fine folk frå ungdomstida som heilt seriøst hevda at «alt er mogleg». Det var ein vidløftig påstand som døydde raskt då eg bad dei prove postulatet ved å ta rennefart og hoppe opp til månen.
Når røynda er så lita at ein ikkje får grep om ho, kan det òg gje seg utslag i lommefilosofi som diverre ikkje er anna enn ull. Eit døme kunne vere ungdomar som i fullt alvor meiner at ein ikkje må noko. Jau, du må noko. Du lyt leve til du døyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.