Tysdag i veka som kjem, er det val i USA. Her i bokstova har me ikkje røysterett ved dette valet, og det er nok han eine kandidaten letta og glad for. Når me ikkje kan røyste, lyt me gå litterært til verks, det vil seie at me i dag skal sjå på kva skjønnlitterære forfattarar dei to kandidatane har som favorittar.
Først tek me føre oss oversikten frå visepresident Kamala Devi Harris. I tillegg til Khaled Hosseini, Richard Wright og C.S. Lewis nemner Harris to forfattarar som båe har vore oppgåve i spalta du les no, nemleg Toni Morrison og Amy Tan. Her tillèt Klok-redaksjonen seg å nytte ordet respekt.
Så til kandidaten som har førenamn etter ein teikneseriefigur. I eit intervju seier Donald John Trump at favoritten er Tom Wolfe, han med Forfengelighetens fyrverkeri, veit du. Kan hende er det ikkje så ravgale å trekkje fram denne forfattaren, men når det seinare i intervjuet vert klart at Trump ikkje har lese ei einaste bok av Wolfe, er eg ikkje mektig imponert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.