¿ Norske matskattar nr. 35: HaPå
Lytt til artikkelen:
Noko usunt vil naturlegvis òg finna vegen til denne spalta, som i fleire år no har markert seg som ei heilt uavhengig matspalte fri for føringar frå landbruksdepartementet, fiskarlaget, landbrukshøgskulen og opplysningskontoret for egg og fjørfe. Innsida har sidan starten lyfta fram ei rekke av dei rettar og råvarer som er med på å setta spiss på det ein eventuelt vil kalla norsk matkultur, eller berre kultur, som det av og til vert forveksla med.
Denne veka skal me til Hamar. For den som trudde at HaPå kom frå det at ein skulle ha på brødskiva si noko, tek ikkje heilt feil, men litt.
Namnet var opphavleg Hamar Pålegg, men etter kvart vart det betre kjend som berre HaPå. Eit legendarisk pålegg som er laga av kondensert mjølk, sukker, salt og sitronsyre. Me skal attende til 1949, då De Norske Melkefabrikker registrerte varemerket Hapå. Seinare skifta fabrikken namn til Nestlé, som hadde eigd han heilt attende til 1898. Ingrediensane er ikkje like spanande som miksen dei vert til i desse freistande glasa. HaPå passar dessutan i alle oppskrifter som skal innehalda karamell.
Sjølve ideen kjem faktisk frå krigsåra. Mange familiar gjorde det dei kunne for å laga litt trivsel i heimen og karamelliserte kondensert mjølk for å få tida til å gå og ungane til å vera nøgde.
Dette var noko nordmenn hadde lyst til å halda fram med etter at freden kom, men no slapp dei koka Hapå heime, sidan produktet kom i hyllene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.