Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

32 stader å vitja i sumar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4475
20230609
4475
20230609

Det er dyrtid for utalandsreiser. Innsida slår difor eit slag for å ta seg ein tur i eige land. Der er ei krone framleis verd ei krone (med litt auka prisar).

Her er nokre få tips. Du har sikkert mange sjølv.

1. Gudvangen byr på den unike vikinglandsbyen Njardarheim og nydeleg natur.

2. Urnes stavkyrkje i Luster er vår eldste og største, verd ein vakker fjordtur.

3. Indre Kvarøy er eit fasinerande samfunn på helgelandskysten. Her held familien Olsen liv i øya med havbruk, og folk kan bu i fine rorbuer.

4. Støtt: Ta rutebåten ut til denne perla på helgelandskysten, ein gamal handelsstad som er sjarmerande pussa opp.

5. Nordmarka nord for hovudstaden er eit eldorado for store og små turar. Du kan bu på trivelege hytter og få ei nydeleg ferietur rett utafor Oslo. Du kan ta deg ein tur på Nasjonalmuseet og eta middag midt i skogens ro på Kikut same dag.

6. Utsira er Noregs minste kommune utafor Karmøy. Ta rutebåten ut og bu på fyret, Sildaloftet eller Bølgen.

7. Ta eit sidercruise på Hardangerfjorden med stopp og eit glas her og der.

8. Frøya ligg utafor Hitra i havgapet utafor Trondheim. Supen Pub på vesle Bogøyvær er eit legendarisk mål.

9. Vik i Sogn har ei eigen gamalostkafé. Osten som gjer at sogningar vert veldig gamle.

10. Henningsvær ligg nydeleg til i Lofoten. Her finn du det ikoniske kunstgalleriet KaviarFactory og den livlege Trefabrikken.

11. Åkrafjorden innafor Haugesund byr på vakker natur og spanande aktivitetar. Ein region ikkje alle kjenner.

12. Balestrand er eit av dei historiske reisemåla i Noreg. Her sat Keisar Wilhelm i hagen og kosa seg då fyrste verdskrigen braut ut. Det kan du òg.

13. Sørøya er den fjerde største øya vår. Den unike naturen her kan opplevast på den nye stien som går 100 kilometer på langs. Det er rockefestival sist i juli.

14. Flåmsbana er kåra til ei av verdas vakraste togreiser. Passar fint etter ein tur ned Aurlandsdalen og eit glas øl hjå Ægir i Flåm.

15. Helgøya ligg midt i Mjøsa. Dei imponerande herregardane, til dømes Hovelsrud, tek imot syklande og andre som tek turen.

16. Fosen er halvøya rett vest for Trondheim. Lett tilgjengeleg med bil. Råkvåg, Stokkøya og Hovde Gård er verde å merka seg.

17. Ålesund er ei arkitektonisk perle og har veldig gode restaurantar, som Bro og No13. Klippfisk er det mange stader.

18. Mehamn er eit av dei klassiske fiskesamfunna som ligg som perler på ei snor på finnmarkskysten. Ta kystruta eller Widerøe.

19. Smøla er ei flat flott øy rett nord for Kristiansund. Ytst ligg Veiholmen, eit utruleg flott bevara fiskerisamfunn. Spel har dei òg om sumaren.

20. Seljord har samla landbruk, handel og krøtter i 150 år – andre helga i september.

21. Ishavsbyen Tromsø treng kanskje ikkje noko tips. Han er på lista til mange. Få likevel med deg den tradisjonsrike grilla tørrfisken dei har i andre etasje på Skarven.

22. Klæt Kafe ligg rett ved E6 sør for Trondheim, der vegen går til Orkanger og Frøya. Karbonadane er dei beste i landet.

23. Utne har det eldste hotellet i Noreg som har vore i kontinuerleg drift. Her har dei servert og innkvartert folk sidan 1722.

24. Beitostølen, Bygdin og Jotunheimen har enorme område som du kan vandra i, heilt gratis. God mat får du òg.

25. Bergensbanen trekker til seg folk frå heile verda. Den unike togstrekninga som stod ferdig i 1909, er verkeleg ei heil reise.

26. Trondheim har vorte ein velsmakande matby. I haust er det VM i ost her. I sumar er det rom for gastronomiske opplevingar på nokre av dei finaste restaurantane i landet.

27. Vesterålen nord for Lofoten har mange perler: Stokmarknes, Sortland, Andøya og fantastiske Kvitnes Gård, der Halvar Ellingsen serverer gjester frå heile verda.

28. Senja er perfekt for nokre dagar på farten. Ta ferja frå Kvaløya og kom deg innom Husøy, Torsken eller ein kjakatur i Vangsvik på denne eventyrøya.

29. Varangerhalvøya har ein av dei mange flotte nasjonale turistvegane våre. Heile vegen ut frå inst i Varangerfjorden er ein svært eksotisk tur som tar deg til historiske Vadsø og Vardø på vegen ut mot dei unike steinformasjonane på Hamningberg.

30. Bergen er porten til store vestlandsopplevingar, men gje byen nokre dagar og du vil få store opplevingar. Ingen stad har så flotte fjellturar så nært pulserande byliv.

31. Renaa i Stavanger har to stjerner i Michelin-guiden. Byen byr på utruleg mange flotte tilbod. Ein favoritt er Noodle Noodle og øya Brimse.

32. Voss, det seier seg sjølv. Maten, naturen, opplevingane – og folka, sjølvsagt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis