Norske matskattar nr. 71: boknafisk
Vår aller største eksportsuksess gjennom tidene er utan tvil tørrfisken. Han har skapt enorme verdiar som oljenæringa aldri kjem til å ta att. Alt på 1300 talet var inntektene frå salet av tørka torsk tre gonger utgiftene på statsbudsjettet.
Tørrfisken har vore gjest i matskattspalta, som nummer fire ( for dei som har arkivert ho). Men denne skatten frå havet kjem i fleire variantar. Éin som det er stor entusiasme rundt, er den varianten me kallar boknafisk, eller boknafesk, som han heiter i nord.
Medan den klassiske tørrfisken frå skreifisket heng i fleire månader, heng boknafisken mykje kortare. Han skal berre verta turr utanpå og mjuk ved ryggbeinet.
Då er han bokna og perfekt for å vatnast ut, bakast eller grillast.
Vanlegvis vert han servert som mykje anna «gamal» fisk med baconterningar, gulrøter, poteter og kvit saus.
Turking av fisk i Lofoten har gått føre seg så lenge det har budd folk der. Det er ein heilt unik konserveringsteknikk. Vêret er perfekt, ikkje for kaldt, takk vera golfstraumen, det er lite insekt som kan angripa fisken, og fuglane har nok fersk mat i havet til at dei orkar byrja hakka seg gjennom eit hardt fiskeskinn.
Ein turka torsk var dessutan lett å frakta ut i verda før ein fekk kjølerom og frysar.
Korleis boknafisken oppstod som ei delikatesse, er ikkje lett å seia. Truleg var det ein nordlending som var svolten og ikkje hadde tolmod til å venta i vekevis.
I dag får du nydeleg ferdigbokna fisk i butikken. Halvors Tradisjonsfisk i Tromsø sel han i flotte pakningar.
Av det meir avanserte slaget kan Innsida slå eit slag for boknafisksashimi, som kokken Frida Ronge serverer på Tak i Oslo. Ein idé ho fekk etter å ha vore med Innsida til Lofoten og smakt boknafisk for fyrste gong.
Ein skikkeleg matskatt er det for alle som set pris på modna fisk med noko godt attåt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.