JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

August

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4656
20240823
4656
20240823

Det står august i almanakken, men når svenskane skal dele ut Augustprisen, gjer dei det i november. Dette er ikkje så bakvendt som ein kanskje skulle tru, sidan den fine litteraturprisen har namn etter forfattaren August Strindberg og ikkje etter månaden vi er i no. Visste du at i tillegg til prispengane, som er på 100.000 kroner, får prisvinnarane ein tre kilo tung statuett i bronse? No veit du det.

Løysingsforfattaren denne veka har ein slik statuett heime på peishylla, eller kor ho no har han. Ia Genberg fekk i 2022 den prestisjetunge prisen for boka Detaljerna, og her må me ta ein titt på noko pussig. For kva ligg i detaljane? Er det Gud eller er det djevelen?

Ifylgje den franske forfatteren Gustave Flaubert er det den gode Gud som ligg i detaljen, han pla seie: «Le bon Dieu est dans le détail.» Usikre kjelder vil ha det til at filosofen og rabagasten Friedrich Nietzsche irriterte seg over denne utsegna. Kan hende er det grunnen til at han vart opphavsmann til den motsette konklusjonen, nemleg: «Der Teufel steckt im Detail.» Altså at det er djevelen som ligg i detaljane.

Det får vere opp til lesarane å velje versjon. Boklækjaren vil heller nytte høvet til å sitere noko Knut Hamsun skreiv om Isak Sellanrå i Markens grøde: «Gud eller satan! mumlet han, og slikt sa ikke Isak uten at han var nødt til det.»

Gunder Runde skriv: «Eg grip tak i eitt lite tips i dagens oppgåve, nemleg eit førenamn utan konsonantar – nærmast som eit halmstrå å rekne. Likevel: her er det noko som murrar i undermedvitet. Eg gir denne delen av sjelelivet mitt ein frist på eitt døgn – og det var ikkje så dumt, for brått dukka kvinnenamnet Ia opp. Og då kom det også fram at eg faktisk har lese denne boka, for om lag eitt år sidan. Det er Detaljene av svenske Ia Genberg som er dagens løysing. Eg hugsar ikkje så mykje av handlinga i boka, berre at utgangspunktet var ein slags feberfantasi som forfattaren har, og som inneheld omtale av fire personar, som eg sjølvsagt ikkje hugsar namna på. Må få hjelp av bokomtale frå svenskane, mellom anna ei to minutts sending frå Sveriges Radio, der kjem namna også: ungdomsvenninna Johanna, to mannlege kjenningar (Niki og Alejandro), og så til sist: mora til forfattaren, Birgitte. Boka likte eg godt, og ho fekk særs gode omtaler, både i heimlandet og her i landet. Ia Genberg har gitt ut fire bøker, dette er altså den siste. Ho er eigentleg utdanna sjukepleiar, i tillegg til sin litterære produksjon. Ho er fødd i 1967, det vil seie same året som Miguel Asturias fekk Nobelprisen i litteratur. Genberg har altså fått veslesystera til denne gilde prisen, den svenske Augustprisen. Ho debuterte i 2012 med boka Søta fredag

Ane Opdøl Kopreitan skriv: «Sitatet er henta fra den veldig gode romanen Detaljene av Ia Genberg.»

Anne Murstad skriv: «Takk for inspirasjonen! Nå måtte denne boka fram, for en gave!»

Løysingsverket er omsett av Bodil Engen.

Ei detaljert oversikt viser at desse kom fram til rett svar på oppgåve 1637: Eli Winjum, Paul Henrik Hage, Laurits Killingbergtrø, Signar Myrvang, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Eli Hegna, Ingerid Skarstein, John Olav Johnsen, John Dag Hutchison, Vigdis Hegna Myrvang, Ia Hammervoll, Ole Husby, Fritjof Lampe, Lise Haaland, Tiril Bonnevie, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunnar Bæra, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunder Runde, Eirik Holten, Olav Holten, Reidar Birkeland, Ane Opdøl Kopreitan, Jorunn Øxnevad Lie, Irene og Tore på Tranby, Folke Kjelleberg, Sissel Gunnarshaug, Bjørn O. Bjørnsen, Inger Margrethe Berge, Anne Murstad, Per Trygve Karstensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Audun Gjengedal, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Bokvinnaren bur i Bodø og heiter Ragnhild Eggen. Gratulerer!

Klok på bok 1639

Bøker er verdens store skattkammer, og slektleddenes og nasjonenes sanne arv. De eldste og beste bøkene står naturlig og rettmessig på hyllen i enhver stue. De behøver ikke be om unnskyldning for at de er der, for så sant de opplyser og styrker leseren vil hans sunne fornuft ikke avvise dem.

Sitatet er frå side 126 i boklækjarutgåva (1953). På originalspråket kom boka ut nesten hundre år før mi utgåve. Me skal fram til ein forfattar som døydde same året som ein vinnar av Nobelprisen i litteratur vart fødd. Nobelprisvinnaren skreiv på fransk, men det er ikkje tilfellet med løysingsforfattaren. Heilt til sist i boka seier forfattaren noko om sola, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva han seier der. Send inn nemning på sola, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 31. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis