Grunnvatn
Folk som har forstand på vatn og grunnforhold, kan finne på å påstå at stillaste vatnet har djupaste grunnen. Kan hende skulle ein tru at stillaste vatnet finst i ein djup innsjø, som til dømes Hornindalsvatnet, men då har me gløymt noko vesentleg. Det djupaste punktet på jordkula finn me nemleg i Marianegropa. Og kor ligg ho? Sjølvsagt i Stillehavet.
I botn og grunn er det ikkje målingar av marine djupner seiinga om stillaste vatnet handlar om. Tydinga er vel at den som seier lite, ofte kan vere den mest djuptenkte. Boklækjaren er glad for dette ordtøket. Ikkje minst når det står heilt stilt for meg.
Her i bokstova veit me ikkje om Gunder Runde er still og smålåten på heimebane i Ulsteinvik. Me set uansett stor pris på at han ikkje teier og er tagal når det kjem til oppgåvene her i bokhjørnet. Denne gongen skriv Gunder: «Det er ikkje så mange som gir ut bøker både på nynorsk og bokmål! I farten kjem eg på berre ei, nemleg Marit Tusvik. Når eg søkjer på fødselsåret hennar, ser eg at eg har full klaff, ho er fødd i 1951, same året som Pär Lagerkvist fekk Nobelprisen. Boka har tittelen Stille og fint, og han som skal ut og flyge, har Vigra som reisemål. (Sunnmøringar med meir finsleg sprog seier rett nok Ålesund lufthavn, men…) Marit Tusvik har ein omfattande og variert produksjon bak seg, ho starta med diktsamlingar, gjekk seinare over til barnebøker (som ho til dels illustrerte sjølv), og så gav ho ut sin første roman for vaksne i 1991, Ishuset, som eg meiner er hennar beste bok hittil. Eg leitte fram boka i hylla mi, og då fall der ut eit pent samanbretta ark med følgjande tekst på: ’Du vann i Klok på bok nr. (utan årstal), beste helsing Dina’! Dina var den første klok-redaktøren og pioneren for denne spalta, og skal truleg ha æra for at eg byrja å lese Tusvik! Seinare bøker av henne som eg har hatt stor glede av, er Fleur, med emne frå Nord-Afrika, der ho budde ei tid, og Sigrid Finne, med mor hennar i hovudrolla.»
Inge Strand skriv: «Forfattarar som både skriv på bokmål og nynorsk? I farten kom eg på Tore Renberg og Marit Tusvik… Renberg gav ut ei barnebok i 2002, og sitatet tyder ikkje på at det kan vere denne boka. Tusvik gav derimot ut ein roman med tittelen Stille og fint dette året, og no har eg fått tak i boka på det nyopna biblioteket vårt og fann sitatet på side 60. Og på side 110 fann eg Vigra nemnd, og eg kjem til å lese resten òg. Stundom kan det vere bra at minnet ikkje er det det var. Hadde eg kome på fleire tospråklege forfattarar, hadde det truleg gjort arbeidet meir omfattande.»
Line Arneberg skriv: «Takk for gratis prøveperiode – Klok på bok er en morsom bonus!»
På oppgåve 1646 fekk me fine svar frå: Eli Winjum, Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Terje Solbakk, Vigdis Hegna Myrvang, Fritjof Lampe, Paul Henrik Hage, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Hegna, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Frode Torvund, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunder Runde, Tiril Bonnevie, Eirik Holten, Jan Alfred Sørensen, Arve Kjøstvedt, Ragnhild Eggen, Olav Holten, Gunnar Bæra, Lise Haaland, Inge Strand, Per Trygve Karstensen, Audun Gjengedal, Kjell Helge Moe, Folke Kjelleberg, Magnhild Reisæter, John Dag Hutchison, Robert Øfsti, Sigrun Gjengedal Ruud, Irene og Tore på Tranby, Inger Margrethe Berge, Line Arneberg, Jan Martin Maltau, Sissel Gunnarshaug, Torleik Stegane, Jan Erik Røed, Gunnar Eide, Reidar Birkeland, Ole G. Evensen, Olav B. Larsen, Sjur Joakim Fretheim og Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen.
Denne veka er Skeisebibliotekaren i Lask bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1648
Det var best å la være å tenke på menneskene. Det store sol-, måne-, og stjernespillet, det gikk jo så glimrende; det var da heller ikke oppfunnet av mennesker. Og naturens spill, det var ikke slutt ennå, hvem vet, kanskje bar det katastrofen i sitt skjød. Jeg var bare en tilskuer, en oppmerksom og henført tilskuer. Om jeg ble hundre år, ville jeg ikke fatte gangen i spillet, ikke en brødel av det.
Sitatet er frå side 179 i ein roman som på norsk kom ut fyrste gong i 1994. På originalspråket kom boka ut i 1963. Denne gongen skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein skandinavisk forfattar. Hovudpersonen i boka har fleire husdyr, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namna på minst to av desse. Send inn namn på minst to husdyr, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. november.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.