JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Livet til Leif

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4908
20240510
4908
20240510

Det var den danske forfattaren Leif Thormod Panduro me skulle fram til denne veka. Panduro var også dramatikar, og når ein tek ein titt på livet til han Leif, er det til å forstå.

Foreldra til Panduro vart skilde kort tid etter at han var fødd, og då mora blei innlagd på «sindssygehospital» med schizofreni, hamna vesle Leif på barneheim. Etter kvart vart han pleiebarn hos ein onkel på morssida, utan at dette blei ei lukkeleg løysing for Leif.

Faren, Aage Petersen, hadde Leif Panduro lite kontakt med. Han var nazist og arbeidde for det tyske propagandaapparatet i Danmark under andre verdskrigen. I 1944 vart Aage Petersen likvidert av motstandsrørsla i København.

På frigjeringsdagen vart Leif Panduro, som var motstandsmann, ramma av eit vådeskot i magen, men han overlevde og utdanna seg seinare til odontolog. Han vitja aldri mor si etter at ho vart innlagd på psykiatrisk sjukehus, men mora hadde likevel sine meiningar om korleis det gjekk med sonen. Sjølv var ho ein retteleg kakemons, så når slektningar påstod at Leif var tannlækjar, protesterte mora med at han var då konditor i Aalborg.

Leif Panduro vart mellom anna tildelt Kritikerprisen, De Gyldne Laurbær og Det Danske Akademis Store Pris. Det var landesorg i Danmark då han i 1977 døydde av hjarteslag, berre 53 år gammal.

Erik Steineger reiste heilt til Himalaya for å lese Panduro. Han skriv: «Hele høsten 1973 deltok jeg på en økologisk ekspedisjon til en sherpalandsby i Nepal. I sekken hadde jeg bare plass til noen få bøker. En av dem var den danske, satiriske Rend mig i traditionerne, en samfunnskritisk og humoristisk roman som var fin å lese med lommelykt i teltet. Artig å lese den om igjen i dag, 50 år seinere. Nokså aktuell fremdeles.»

Marit Knappskog skriv: «Utdraget sette meg straks på ideen om dansk originaltekst. Eg fekk ei bestemt kjensle av at her var det liten fråstand mellom syntaks og ordforråd i originalen og i den norske teksten. Og ’røvhul’, er ikkje det eit skjellsord som er vel så hyppig brukt på sørsida av Øresund som ’rasshøl’ her heime? Han som avleverte rasshølreplikken, var i alle fall tydeleg svært forarga på alt og alle. Sidan den aktuelle romanen kom i 1958, måtte eg sjekka Rend mig i traditionerne frå slutten av 50-talet. Denne romanen verka framstå som eit slags dansk svar på filmen Rebel Without a Cause der James Dean spelar sint, ung mann. Utgjevingsåret viste seg å passa. Forfattaren, Leif Panduro, var dessutan fødd i 1923 da engelskspråklege Yeats vann nobelprisen i litteratur. Men det verste stod att. Korleis finna kven som var stefaren til hovudpersonen? Ikkje greidde eg søkja svaret opp, ikkje eig eg boka, ikkje hadde det lokale biblioteket boka på lageret, og ikkje stod ho i hyllene til nokon plausibel av kjenningane mine. Løysinga blei å sjå filmen frå 1979 på YouTube. Der dukka karakteren Fabby opp. Det blir ikkje sagt at han er stefaren, trur eg, men ut frå samanhengen gjettar eg på at det er nettopp det han er.»

Robert Øfsti skriv: «Tittelen på Leif Panduros legendariske oppvekstroman er best på dansk: Rend mig i traditionerne. Artig bok å bli klok på.»

Tradisjonen tru fekk me også denne gongen prov på at mange av lesarane er klokingar. Desse kom i mål på oppgåve 1624: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Fritjof Lampe, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Jorunn Øxnevad Lie, Ingerid Skarstein, Rine Gjerken, Lise Haaland, Peter Larsen, Marit Knappskog, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Ole G. Evensen, Tore Skjæveland, Erik Steineger, John Dag Hutchison, Ole Håndstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Inger Merete, Kirsti og Grete, Tone Styrmoe, Olav Holten, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Eirik Holten, Brita Lundeland, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Anne Berit Skaarer, Sigrun Gjengedal Ruud, Paul Henrik Hage, Bjørn O. Bjørnsen, Irene og Tore på Tranby, Per Trygve Karstensen, Gunnar Bæra, Marta Kløve Juuhl, Kjell Helge Moe, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Mari og Marianne, Gunnar Eide og Robert Øfsti. I dag sender me bokpremien til Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen. Gratulerer!

Klok på bok 1626

Livet blir til død, og det er som om denne døden har hatt dette livet i sin makt hele tiden. Død uten forvarsel. Hvilket betyr: livet tar slutt. Og det kan ta slutt når som helst.

Sitatet er frå s. 11 i boklækjarutgåva (1998). På originalspråket kom fyrsteutgåva i 1982. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. I fyrste delen av boka kjem det fram at bestefaren til forteljaren var fødd i eit europeisk land, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva land dette var. Send namn på fedrelandet til bestefar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis