Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Misnøgd murring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4958
20241129
4958
20241129

Førre veka tok me føre oss kunstig intelligens (KI) her i bokhjørnet. Kan hende vert det misnøgd murring blant lesarane når me no vil bruke nok ein bolk på å vise kor eminent ein reiskap dette er. Men som alle veit: Når det ikkje kan vere annleis, lyt me leve med at det er som det er.

Ein reieleg innsendar har nytta instrumentet ChatGPT, og ho skriv: «Eg er lei for å meddele at tida for rettferdige konkurransar, som gir offentleg honnør i avisa til ’klokingar’, kan vere over.»

Sjølv om endetida er nær, set me av ei lita stund til å sjå på kva KI-en svara på oppgåve 1651. Ut frå eit sitat og små hint bad me om formelen på eit russisk byggjemateriale, namn på forfattar og tittelen på løysingsverket. ChatGPT skriv: «Sitatet er frå side 112 i den norske utgåva av Italo Calvinos roman Hvis en reisende en vinternatt. I denne boka finn ein òg ei oppskrift på eit russisk byggjemateriale. I Calvinos roman blir det skildra eit russisk byggjemateriale kalla kizjukk. Dette materialet blir framstilt ved å blande leire med finhakka halm, som deretter blir forma til blokker og tørka i sola. Desse blokkene blir brukte til å byggje hus og andre strukturar.»

Her var det mykje klokskap. Diverre lyt me trekkje litt for tre ting: ChatGPT kom fram til feil formel på byggjemateriale, feil forfattar og feil verk. Boklækjaren er slett ikkje imot surrealisme som kunstretning, men surrealistiske svar på oppgåvene kan me diverre ikkje godkjenne. Då vert det berre surr.

I bokstova lit me meir på Inger Anne Hammervoll som skriv: «Forfattaren heiter Peter Schneider og tittelen på verket er Over muren. Oppskrifta på russisk betong: ein del sement, ein del sand og ein del mikrofon. Muren er sjølvsagt den i Berlin. Mange spektakulære måtar å forsere den på blir beskrivne, og somme kjem seg over til hi sida gong etter gong. Den andre sida er faktisk ofte Aust-Berlin. Ein som realiserer draumen om å bli forstmann i vest, får aldri inn i hovudet sitt at han sjølv må betale for øks og sag. Ein annan som hoppar over muren tallause gonger, får kvar gong ’gratis opphald’ i aust i tre månader og sparer dermed trygda i vest. På den måten finansierer han turar til Paris. Eg har komme halvvegs i boka no, og gler meg til den vidare lesinga.»

Ingebjørg Sogge skriv: «Det er ekstra interessant å lese Peter Schneider Over muren (1982) så lenge etter at Berlinmuren fall, og vi sit med fasiten på utviklinga etter 1989. I etterhand framstår boka som ein klarsynt profeti om det veksande skiljet mellom folk i aust og vest. Han spår at det vil ta lengre tid å rive ned muren i hovudet til folk enn det konkrete stengslet, ikkje minst på grunn av aukande sosioøkonomiske avstand. No ser vi at forskjellane har vore god grobotn for misnøye og høgreradikalisme. Berlinmuren vart eit dyrt byggverk, og han er på langt nær nedbetalt.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Peter Schneider treffer blinken heile tida, og teksten verkar endå meir tillitvekkande fordi det er skrive i notid medan muren stod der stødig.»

Eli Hegna skriv: «Tyske Peter Schneider har skrevet en av de aller beste skjønnlitterære bøkene om Berlinmuren. En kort, men overbevisende roman om mennesker, mentalt og fysisk innesperret i den delte byen.»

På oppgåve 1651 var det ikkje grunn til å murre over svara me fekk frå: Eli Winjum, Signar Myrvang, Fritjof Lampe, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Ingebjørg Sogge, Paul Henrik Hage, Ole Husby, Lise Haaland, Inger Anne Hammervoll, Ragnhild Eggen, John Dag Hutchison, Ivar Amdal, Ragnhild Løvås Stenhaug, Jorunn Øxnevad Lie, Per Trygve Karstensen, Olav Holten, Inger Merete, Kirsti og Grete, Audun Gjengedal, Brita Lundeland, Kjell Helge Moe, Bjørn Myrvang, Jorunn Røyset, Gunnar Eide, Jan Erik Røed, Reidar Birkeland, Tiril Bonnevie, Sigrun Gjengedal Ruud, Nils Farstad, Karle Gjernes, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim, Frode Torvund, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inge Strand, Nina Korbu, Sissel Gunnarshaug, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. I dag heiter bokvinnaren Brita Lundeland. Gratulerer!

Klok på bok 1653

I det stille og koselige, svakt opplyste leseværelset stod det en gråhåret tysker og raslet med noen aviser; han hadde runde sølvbriller og forundrede, vanvittige øyne og lignet litt på Ibsen.

Sitatet er frå side 31 i ei samling forteljingar som på norsk kom ut i 1985. Sitatet er henta frå tittelforteljinga, og på originalspråket kom ho ut i 1915. Me skal fram til ein nobel forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Storbritannia. Hovudpersonen i tittelforteljinga går i land på ei italiensk øy, men før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på ei italiensk øy som også er nemnd i forteljinga, men som hovudpersonen ikkje går i land på. Send inn namn på italiensk øy som ikkje vert vitja, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 7. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis