JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Namn og rykte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4710
20240816
4710
20240816

Klok-redaksjonen er som folk flest. Me trur det beste om oss sjølve. Ikkje minst er sjølvtilliten på topp når det gjeld å plukke ut gode bøker til oppgåvene her i bokhjørnet. Diverre har me òg noko anna til felles med majoriteten av menneske, nemleg at éin negativ respons veg tyngre enn eit utal positive.

Denne gongen var det svært mange som hadde lese løysingsromanen, og det store fleirtalet som kom med kommentarar, var oppglødde og begeistra for boka. Faktisk fekk me berre éin kritisk merknad, men det var til gjengjeld eit svar som sveid i hjartet. Med eigne ord er innsendaren «ein surmaga gamling», og han skriv mellom anna: «Ikkje litteratur som eg treng å kaste bort tid på. Men då er vi inne på eit interessant tema: typisk kvinnelitteratur/ typisk mannslitteratur. Fort gjort å lese – tilsvarande fort gjort å gløyme heile boka.»

Boklækjaren er usikker på om det er eit interessant tema den surmaga gamlingen skisserer. Her i bokstova opererer me ikkje med slike skilje, me vil helst ikkje skade vårt gode namn og rykte. Dessutan har me ein kalender med årstalet 2024 på. Ikkje ein frå 1970.

Så til boka som kom til å skilje vatna. Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Då vi køyrde heim frå ’Klok på bok’-hytteturen vår 23. juni, høyrde vi på NRK Bok. Der hadde Siss Vik ei nydeleg omtale av forfattaren vi skal fram til denne veka. Omtala gjorde at vi alle tre gav oss i kast med Elizabeth Strout og Jeg heter Lucy Barton. Romanen var, slik Siss Vik lova, fengjande og god litteratur. Strout evnar å skrive om ei særeigen dame som ikkje er sinna eller bitter til trass for ein tøff oppvekst.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Denne gongen ’måtte’ eg kjøpe boka for å finne svar på ekstraspørsmåla. Forfattar og boktittel snoka eg meg fram til på nettet: Elizabeth Strout: Jeg heter Lucy Barton. Men boka fanst ikkje på nokon av biblioteka her i storbyen, så da vart Norli bokhandel redninga. Og artig var det, for ho som ekspederte, fatta stor interesse for denne bokgåta i Dag og Tid, og det var ho som slo opp i boka og såg at sitatet var det same som i Klok-spalta. Og så kjende ho folk frå heimbygda mi dessmeir. Jau da, namna på desse døtrene blir avslørte første gongen på side 35: Christina (eller Chrissie) og Becka. Og deretter las eg boka meir avslappa heilt til endes.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Forfattaren er Elizabeth Strout og tittelen på verket er Jeg heter Lucy Barton. Eg har lese Olive Kitteridge og Olive, igjen og held no på med vekas tittel. Strout viser oss ekte personar, innvikla og mangfaldige, og derfor interessante… tykkjer eg. Les og bli litt klokare, samtidig som du har det innmari artig undervegs. Personane til Elizabeth Strout er langt frå kjedelege.»

Grace Romsland skriv: «Jeg har helt nylig lest Elizabeth Strouts Jeg heter Lucy Barton, så sitatet kjente jeg med en gang blikket mitt falt på det. Og så enig jeg er i det hun sier! Det er mange som har lest bøkene om Lucy Barton denne sommeren, så det er nok flere enn meg som kjenner igjen det sitatet. Boka (og de tre følgende bøkene) er ikke til å legge fra seg. Jeg sier som flere andre denne sommeren: ’Åhh, Lucy. Jeg ELSKER Lucy Barton’.»

Løysingsboka denne veka er omsett av Hilde Rød-Larsen.

På oppgåve 1636 var det desse klokingane som leita seg fram til Lucy og rett svar: Eli Hegna, Eli Winjum, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Grace Romsland, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Ole Husby, Jorunn Øxnevad Lie, Signar Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Reidar Birkeland, John Dag Hutchison, Audun Gjengedal, Jan Alfred Sørensen, Torleif Bertelsen, Bjørn Myrvang, Paul Henrik Hage, Per Trygve Karstensen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Else Gjesdahl Sørensen, Geirr Wiggen, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Gunnar Bæra, Kjell Helge Moe, Irene og Tore på Tranby, Kari Vevatne, Tiril Bonnevie, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Bokvinnaren i dag heiter John Dag Hutchison. Gratulerer!

Klok på bok 1638

De spiser i taushet. Etterpå sier hun: «Jeg skal rydde litt, så går jeg til sengs. Jeg lar bakdøren være ulåst. Hvis du blir ensom i løpet av natten og vil komme på besøk, så gjør det.»

Det er alt hun sier. Hun vil ikke ha noen diskusjon.

Sitatet er frå side 73 i boklækjarutgåva som er frå i år. På originalspråket kom boka ut i 2023. Me skal fram til ein nobel forfattar som er fødd i eit år då nobelprisen i litteratur ikkje vart utdelt. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på eldstesonen til den kvinnelege hovudpersonen i romanen. Send inn namn på eldsteson, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 24. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis