JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Polsk riksdag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4736
20240830
4736
20240830

Det står mykje polsk på programmet i dag. Fyrst skal me sjå på ei gammal seiing, nemleg «polsk riksdag». At uttrykket tyder «usamd» og «larmande forsamling», er noko alle saman veit, men kor kjem vendinga frå?

Me skal til realunionen Polen-Litauen og til året 1652. Då vart det for fyrste gong lagt ned eit liberum veto i det polsk-litauiske parlamentet Sejm. Alle riksdagsmenn kunne leggje ned eit slikt veto, noko som hadde som konsekvens at parlamentet måtte oppløysast. Særleg i byrjinga av 1700-talet medførte ordninga eit salig spetakkel i Sejm. På denne tida vart det sjølvsagt svært vanskeleg å vedta lover og reformer i realunionen.

I 1791 vart det endeleg slutt på mykje av ståk og styr i parlamentet. Ei ny grunnlov kom til å byggje på fleirtalsavgjerd. Men framleis lever seiinga.

Kan hende veit du litt meir om uttrykket «polsk riksdag» no. Du står fritt til å briljere i selskapslivet med den nyerverva innsikta. Eg har ikkje tenkt å seie til nokon kor du har ho frå.

Me er langt frå ferdige med det polske når me no skal sjå på løysingsboka denne veka. Kari Vevatne skriv: «Denne gangen var oppgaven lett å løse! Jeg kjente igjen sitatet med en gang, har lest boken i sommer, mye på grunn av at den ble anbefalt i Klok på bok-spalten for bare noen uker siden. (Jeg ønsket meg den i bursdagspresang – og fikk den.) Og det er en bok som jeg gjerne anbefaler til andre, selv om det på mange måter er en trist bok. For meg handler den mye om å være avstengt, fremmedgjort fra verden og ikke klare å bruke de muligheter som er en gitt – kanskje på grunn av sorg? Men oppi det triste så er det også en vakker bok – om kjærlighet. Bokens tittel er Polakken, forfatteren er J.M. Coetzee, og eldstesønnen til hovedpersonen heter Tomás.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Boka som gjeld denne veka, var vanskeleg å få tak i. Ho fanst korkje i bokhandelen eller på biblioteket, og heller ikkje BookBites hadde ho. Eg fann heller ingen vegar på internettet som førte til målet, og var budd på at eg ikkje ville finne namnet på eldstesonen. Eg kan ikkje riktig forklare korleis eg plutseleg kom inn på ei side som tilbaud full tekst, rett nok på engelsk. Glad og fornøgd las eg i veg. Det var berre éin hake: Med visse mellomrom dukka det opp videoar med uventa og noko ’vågalt’ innhald. Dei lét seg ikkje lett trykke bort, for her var det nok snakk om reklamefinansiert gratistilbod. Eg kom meg likevel gjennom boka.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «J.M. Coetzee er forfattaren av boka Polakken. Både polakken og forfattaren har namn som for oss med andre morsmål er vanskelege å uttale. Han skriv nok om seg sjølv, og kanskje er dette J.M. si siste bok? Den må vi takke han for.»

John Olav Johnsen skriv: «Ei god, om ikkje gripande historie. Kortfatta og intens. Forelsking, utroskap, likesæle og medkjensle i ein atmosfære av musikk og poesi.»

På oppgåve 1638 var det desse som fann fram til den polske pianisten: Eli Winjum, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Farstad, Per Trygve Karstensen, Ole Husby, John Olav Johnsen, Laurits Killingbergtrø, John Dag Hutchison, Ingrid S. Langvik, Skeisebibliotekaren i LASK, Magnhild Reisæter, Odd Jarle Kjørstad, Inger Merete, Kirsti og Grete, Eli Hegna, Signar Myrvang, Kari Vevatne, Reidar Birkeland, Jan Alfred Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Else Gjesdahl Sørensen, Fritjof lampe, Folke Kjelleberg, Ragnhild Eggen, Gunnar Eide, Mari og Marianne, Bjørn O. Bjørnsen, Mette Maltau, Ingeborg Olsen, Gunnar Bæra, Inger Margrethe Berge, Vigdis Hegna Myrvang, Paul Henrik Hage, Olav B. Larsen, Olav Holten, Ingebjørg Sogge, Irene og Tore på Tranby, Bjørn Myrvang, Kjell Helge Moe, Ole G. Evensen, Eirik Holten, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Robert Øfsti, Torleik Stegane og Sissel Gunnarshaug. Denne gongen heiter bokvinnaren Bjørn Myrvang. Gratulerer!

Klok på bok 1640

Leif var atskillig kortere enn meg og høyden mellom oss var nesten latterlig når vi sto eller gikk ved siden av hverandre og den gjorde meg forlegen, som om jeg ikke hadde noen rett til å være høyere enn han. Men da vi satte oss, ble forskjellen i høyde borte og isteden var det den brede overkroppen og det store grove ansiktet hans som dominerte.

Sitatet er frå side 38 i boklækjarutgåva (1990). I dag skal me fram til ei novellesamling og til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på tysk. Leif, som me høyrer om i sitatet, har ein tidlegare sambuar med same førenamn som ein detektiv mange av oss har minne om frå ungdomstida, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne dama. Send inn førenamn på tidlegare sambuar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 7. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis