JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Skogens ro

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4749
20240906
4749
20240906

I dag vert det ikkje mykje prat om gull i spalta du les no. Til gjengjeld kjem ein god del til å dreie seg om grøne skogar. Me skal til skogs, og no skal det vel vere ein lesar eller to som straks tenkjer at det er fordi me skal sjå til alle svina me har subbande rundt trea. Så vidt eg kan hugse, har ikkje boklækjaren særleg mange svin på skogen, men både du og eg veit at hugsen kan arbeide selektivt og spele oss eit puss.

Når ein er på tur i skogen, vil ein ikkje ha ståk og larm. Tidt og ofte er det skogens ro ein søkjer. Då kan det vere irriterande om du frå lia høyrer ein gauk som opp att og opp att gjel «ko-ko». Ikkje irriter deg over gauken, han har òg rett til å vere i skogen. Trøyst deg heller med at om du reknar med deg sjølv, er de to.

Gunder Runde hadde ikkje problem med å sjå skogen for berre tre. Han skriv: «No skal vi fram til ein av dei store klassikarane frå amerikansk boksoge frå midten av 1800-talet, nærare bestemt 1817–62. Sigmund Skard karakteriserer han med orda ’ein gufs av noko sunt jordisk’ i band 8 av Verdens litteraturhistorie. Og mannen er Henry David Thoreau, Skard kallar han ’transcendentalist’, kva han no meiner med det. Thoreau var sprenglærd, gresk, austerlandsk poesi, engelske metafysikarar osv. Men han er best kjend for sitt forhold til naturen, spesielt skogane. Han har ’eit drag av faun utan det sensuelle’, meiner Skard. Og den boka som har stått att som den viktigaste i Thoreaus produksjon, er Walden, eller Life in the Woods (Livet i skogene), bygd på hans 2-årige opphald ved den vesle innsjøen Walden, der han budde i ei lita, sjølvlaga hytte mellom mars 1845 og september 1847. Eg blæs støvet av mi engelskspråklege utgåve og blar meg fram til sluttorda i boka: ’The sun is but a morning star’, i norsk omsetjing noko slikt som ’sola er berre ei morgonstjerne’. Ifølgje teksta på baksida av mi utgåve, måtte Thoreau låne ei øks for å byggje hytta si. Ein slags Robinson Crusoe-variant, der han går veldig djupt inn i detaljane kring det livet han førte i skogsterrenget (rettnok like i nærleiken av heimstaden sin, ’ein halvtimes gange’, seier Skard). Ei mengd detaljerte observasjonar frå dette livet, der han dyrka grønsaker og plukka bær til livsopphaldet sitt (men sa ikkje nei til mora sin eplepai, seier Skard). Thoreau skreiv også dikt, og er i tillegg kjend for eit viktig essay om sivil ulydnad – On the Duty of Civil Disobedience, som mellom anna inspirerte Gandhi i hans filosofi om passiv motstand. Nobelprisvinnaren som var fødd same året som Thoreau døydde (1862), var belgiaren Maurice Maeterlinck.»

Gunnar Bæra skriv: «Denne amerikanske klassikaren har eg hatt liggjande på nattbordet mitt i lengre tid og lese eit passande utdrag i som avslutning på dagen. Henry David Thoreau gav ut Walden i 1854. Omsetjinga av Andreas Eriksen med dei nydelege illustrasjonane av Mads Stage kom i 1953.»

John Olav Johnsen skriv: «Leseverdig!»

Kjell Helge Moe skriv: «Den boka inneholder mange kloke tanker.»

Utan å rope i skogen fekk eg rett svar på oppgåve 1639 frå desse klokingane: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Paul Henrik Hage, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Ole G. Evensen, Jan Alfred Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Lise Haaland, Bjørn Myrvang, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Ole Husby, Gunnar Bæra, Olav Holten, Gunder Runde, Reidar Birkeland, Ole Håndstad, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Per Trygve Karstensen, Sissel Gunnarshaug, Bjørn O. Bjørnsen, Ingerid Skarstein, Fritjof Lampe, Folke Kjelleberg, Marit Skytterholm, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Mari og Marianne, Marta Kløve Juuhl, John Dag Hutchison, Sigrun Gjengedal Ruud, Nils Farstad, Thana Rongen, Kjell Helge Moe, Audun Gjengedal, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunnar Eide, Anne Berit Skaarer, Eirik Holten, Robert Øfsti, Irene og Tore på Tranby, Inge Strand og Torleik Stegane. Denne veka heiter bokvinnaren Ingebjørg Sogge. Gratulerer!

Klok på bok 1641

Kelles er det med deg?

Hun sa bare: Vi lyt ta det slik vi fe det!

Mange mente at hun gråt når ingen så det. Hun var for stolt til å syne folk det hun sloss med inne i seg. Alt de så var at hun var blitt eldre siden lagnaden tok hjulmakeren fra henne. Og så hostet hun.

Sitatet er frå side 374 i boklækjarutgåva (1975). Fyrsteutgåva av boka kom i 1959. I dag skal me fram til ein forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Hjulmakaren me høyrer om i sitatet, er frå ein tysk bergstad, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne byen. Send inn namn på tysk bergstad, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 14. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis