JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Vegen til Venus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4671
20240628
4671
20240628

Her i bokstova veit me naturleg nok ikkje kor kvar og ein av lesarane har tenkt å halde sommarferie. Folk har så mange merkelege reisemål, det finst endåtil dei som fer langt av stad, berre for å granske gravsteinar til minne om avlidne forfattarar. Då skal du vere litt av ein type.

Eit noko meir ambisiøst prosjekt ser me hos alle desse som vil ut i verdsrommet. Mellom himmel og jord er det alt mogleg å sjå på, men om du til dømes har tenkt å ta turen heilt til himmellekamen Venus, lyt du snart komme i gang med å pakke kofferten. Frå jorda er det om lag 41 millionar kilometer til Venus. Når du endeleg kjem fram, har me to tips til litterære attraksjonar der oppe. Det syner seg at svenskane Selma Lagerlöf og Astrid Lindgren har kvart sitt krater namngjeve etter seg på planeten. Dei lyt du vitje. Eit siste råd for reisa er at du ikkje treng ta med deg vinterfrakken. På overflata av Venus er det 467 grader celsius. God tur!

Denne veka fekk me prov på at mange veit vegen til Venus. Marta Kløve Juuhl skriv: «Dette er ei skikkeleg røvarhistorie. Eg må berre vedgå at eg kan ikkje hugsa å ha høyrt om korkje forfattaren eller boka før. Men eg fann ho på Nasjonalbiblioteket, og måtte berre skumma gjennom heile forteljinga. Hovudpersonen, ein tidlegare privatdetektiv, får i oppdrag å leita etter kona til ein tydeleg rik og einsam mann. Det vert mange omvegar, som du hintar om, og som tittelen fortel. Men om han finn kona eller ikkje, er høgst uforståeleg. Omvegane går føre seg mest i hovudet på den avdanka detektiven. Han, eller rettare sagt forfattaren, må ha ein livleg fantasi. Godt gjort å blanda H.C. Andersen inn i dette. Hans eventyr er nok av ein langt meir poetisk karakter. Det er han som er den danske forfattaren du spør etter, går eg ut ifrå. Boka heiter Omvei til Venus, og forfattaren er Torgeir Schjerven, f. 1954.»

Inge Strand skriv: «Det var noko kjent ved teksten, men eg greidde ikkje å plassere han… Kva kunne det vere ved hintet om leiting som ikkje fører rett til målet? Eg drodla litt medan eg spekulerte over det, og brått kom ’omveg’ fram for meg. Det var ikkje så mange boktitlar med ’omveg’ i tittelen i 1994, og eg festa meg ved Torgeir Schjervens Omvei til Venus. Schjerven er fødd same året som Ernest Hemingway fekk nobelprisen, så det stemde. Med boka i handa fann eg sitatet, og eg fann H.C. Andersen nemnd ein stad. Det slo meg òg at eg aldri hadde lese boka. Derimot gjorde diktsamlinga I anledning dagen sterkt inntrykk.»

Gunder Runde skriv: «Torgeir Schjerven er utdanna som biletkunstnar og har mellom anna illustrert barnebøker. Men han er også forfattar og har vore filmskodespelar innimellom. Som forfattar er han mest kjend som lyrikar, men han har også gitt ut to romanar (på 80- og 90-talet). For den eine av desse, Omvei til Venus, fekk han kritikarprisen, og vart også nominert til Nordisk råds litteraturpris. Boka er ei humoristisk skildring av ein privat etterforskar som får i oppdrag å oppspore ei kvinne på grunnlag av eit fotografi av ei naken dame der hovudet manglar.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Er Schjerven det namnet med flest påfølgjande konsonantar i på norsk?»

Desse klokingane landa trygt på rett svar på oppgåve 1631: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Fritjof Lampe, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Else Gjesdahl Sørensen, Tiril Bonnevie, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Reidar Birkeland, Audun Gjengedal, Sigrun Gjengedal Ruud, Inge Strand, Folke Kjelleberg, Gunder Runde, Kjell Helge Moe, Gunnar Eide, Mari og Marianne, Jorunn Øxnevad Lie, Per Trygve Karstensen, Inger Margrethe Berge, Inger Merete, Kirsti og Grete, Brita Lundeland, Peter Larsen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Anne Berit Skaarer, John Dag Hutchison, Marta Kløve Juuhl, Robert Øfsti, Ole G. Evensen, Gunnar Bæra, Torleik Stegane og Irene og Tore på Tranby. Denne gongen heiter bokvinnaren Reidar Birkeland. Gratulerer!

Klok på bok 1633

So hadde ikkje døden sovna,

han berre laast som han sov.

Og vanvitsgrunnane sov ikkje,

dei gurgla fram fæle eidar.

Sitatet er frå s. 206 i boklækjarutgåva (1920). I dag skal me fram til ei diktsamling av ein forfattar som døydde eit år då nobelprisen i litteratur, gjekk til ein forfattar frå eit land som ikkje finst lenger. I samlinga finn me ein sonett med tittel etter ein nobelprisvinnar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne personen som var nobel. Send namn nobelprisvinnar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 6. juli.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis