Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Publisert

Dokteren treng du tre gonger i løpet av livet, bonden treng du tre gonger om dagen, seier eit munnhell. Likevel tener dokteren mykje meir enn bonden eingong kunne kome på å krevje å tene. Her skal vi ikkje samanlikne dokterar og bønder. Vi skal berre spørje: Kvifor er det så vanskeleg å betale bønder skikkeleg?

Lat oss byrje med å slå fast kva vi ikkje burde gjere: å innføre ei inntektsnormering på 43 prosent, eller på 20 prosent slik regjeringa foreslår. Ideen om at den teoretiske bondeinntekta må justerast opp fordi somme bønder ikkje maksimerer inntektene sine har regjeringa henta frå Grytten-utvalet frå 2022. I innleiinga til stortingsmeldinga NOU 2022:14 Inntektsmål i jordbruket skriv Grytten-utvalet: «Utvalget legger til grunn at en del jordbrukshusholdninger maksimerer velferd fremfor maksimalt økonomisk overskudd som motiv for driften.»

Dei utdjupar synspunktet vidare i kapittel 5: «Mange bønder, især blant de som oppnår lav avkastning over tid, driver trolig ikke primært overskuddsmaksimering, men maksimerer nytte i et samspill mellom jordbruk, annen næring, lønnsarbeid og husholdning. Jo mer kapital- og arbeidskrevende jordbruksdriften er og jo høyere andel av husholdningens samlede ressurser som brukes i jordbruket, jo større vekt er det grunn til å anta at den næringsdrivende legger på rene økonomiske verdier.»

Stordriftsulemper

Det er sjølvsagt mogleg å skjøne korleis Grytten-utvalet og Sp, Ap, Høgre og Venstre tenker. Men dette er eit slikt tilfelle der det å kjenne årsaka gjer meininga endå vanskelegare å forstå.

For desse bøndene som driv gard ved sida av ein annan jobb, som elskar å jobbe med dyr og jord og planter og traktorar, trass i at dei ikkje har tent særleg mykje pengar på det, som kanskje berre driv sin eigen familiegard, eller kanskje har femna om ei rekke nabogardar og prøvd å vekse, men likevel ikkje fått god nok inntening til å kunne kutte ut den «vanlege» jobben eller ta inntekta til partnaren inn i drifta av garden – kva er dei om ikkje kjernemuskulaturen, armane, beina, hjernen og hjartet til norsk jordbruk? Ei næring som kanskje meir enn noka anna har monalege stordriftsulemper ved å ha eit driftsgrunnlag som ikkje lèt seg flytte på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement