Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Ei stram lukt av berøringsangst

Skal rasismeparagrafen verna ukultur òg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tove Bruusgaard, fungerande direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), i Dagsnytt 18 torsdag 25. januar.

Foto: NRK

3359
20240202
3359
20240202

Kommentar

havard@dagogtid.no

Sidan 2015 er pressebruken av ordet berøringsangst tredobla. Det er talet på æreskriminalitetsaker òg.

Ein gjest i eit Dagsnytt 18-innslag om æreskriminalitet (25. januar) vart eit døme på berøringsangst. Programleiar Espen Aas introduserte: «Så til rekordhøye tall på æreskriminalitet. Som NRK meldte i går, ble det ny rekord hos Kompetanseteamet for negativ sosial kontroll og æresrelatert vold i fjor. 1137 saker. Og i NRK Brennpunkts nye serie ’Ære’ har vi fått flere eksempler. Som historien om en 14 år gammel jente som fikk tur til Irak sponset av barnevernet, og så kom tilbake, giftet bort og gravid. Og Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir og ansvarlig for Kompetanseteamet, hvordan leser dere denne økningen?»

Gjesten valde å tru: Det er ikkje ein auke i brotsverk, men i folk som tek kontakt. Kvifor? Av di kompetanseteamet har vorte meir kjent. Men kan det forklåra at somme landbakgrunnar (Syria, Irak) har hatt ei dobling sidan 2019, medan andre landbakgrunnar (Pakistan, Somalia, Afghanistan) har hatt liten eller ingen auke?

På spørsmål om oppfylging var Bruusgaard mest uroa over at offera kan mista kontakt med slekta si, i mange høve overgriparane. Ei slik uro har ein ikkje når folk bryt med ei kristen sekt. Då lit ein på at storsamfunnet tek imot dei. Er Bufdir uroa over at offera skal verta for norske, slik somme er uroa over at barneheimsborn vert for norske?

Tredje og siste spørsmål: «Kort til slutt – hvem er det som typisk utsettes for æresrelatert vold, i den grad det går an å si noe generelt om det?»

Bruusgaard: «Kompetanseteamet har fått henvendelser i mange saker, og i de sakene er det bakgrunner fra 55 ulike land, inkludert etnisk norske, altså norskfødte født av norskfødte foreldre. Så det er en bred målgruppe.»

Det var heile svaret. Om berøringsangst har ei lukt, kjenner me henne her. Bruusgaard vel å framheva norsk landbakgrunn, som utgjer 2 prosent av sakene. Topp 5 av dei 55 landbakgrunnane utgjer åleine 60 prosent, 670 saker. Kven er dei fem? Syria, Irak, Pakistan, Somalia og Afghanistan.

Har dei noko sams, anna enn bokstaven a i namnet? Dei fem landa har muslimsk majoritet og styre. Men har det noko å gjera med saka, dei 670 sakene, borna og kvinnene?

«Hadde patriarkalsk lovgjeving i Europa med religion å gjera?»

I saker om kristne sekter spelar religiøs kultur ei rolle. Men her? Å nekta for at æreskriminalitet har med religion og gudshus å gjera, er like historie- og meiningslaust som å nekta for at patriarkalsk 1600-talslovgjeving i Europa hadde med kyrkje og kristendom å gjera.

Er det æresvaldrelevant at ein religiøs kultur ser på kvinner som eigedom? Det har vore tilfellet i alle dei tre abrahamsreligionane, legitimert av heilage skrifter som ramsar opp døme på mannleg eigedom: kona, slaven, slavekvinna, oksen og eselet (det tiande bodordet).

At kvinna er eigedom, er eit syn som i dag står sterkare i delar av islam enn i dei andre abrahamsreligionane. Alle veit det, og difor sveittar no imamane våre slik predikantane våre sveitta for femti år sidan.

Berøringsangst verkar mot siktemålet. Ram kritikk er naudsynt. Ukultur er ikkje hudfarge. Ukultur er ikkje verna av rasismeparagrafen eller av borgarleg skikk og bruk.

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis