JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentar

Farvel til Bollestad

KrF manglar ikkje politiske talent, men ein politisk misjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olaug Bollestad trekte seg torsdag førre veke, etter å ha vorte kritisert for ein vanskeleg leiarstil.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

3808
20240830
3808
20240830

Eg hugsar godt første gongen eg intervjua den nyleg avgåtte leiaren i KrF, Olaug Bollestad, på stortingskontoret hennar. Grunnen til det er kanskje at ho sette i gang med å skifte klede medan eg var der. Eller at ho vart på gråten når ho fortalde om episodar frå livet sitt. Partileiaren Olaug Bollestad har vore eit kjenslemenneske som ikkje har vore redd for å gje av seg sjølv – for ikkje å seie av ektemannen, som rett som det er har vore fotografert i bar overkropp i sosiale medium. Bollestad har dessutan teke med seg erfaringar frå eit arbeidsliv utanfor Løvebakken inn i politikken, har brei politisk kompetanse og kjenner partiet KrF tvers gjennom.

No har Bollestad gått tapande ut av ein opprivande arbeidskonflikt, som få kjenner godt nok til å seie så mykje fornuftig om. Å halde fram som leiar, sjukmeld og utan støtte frå resten av leiinga og KrF-autoritetar, ville vore vanskeleg, om ikkje umogleg. Bollestad vert éin av ei rekkje KrF-leiarar som har måtta gå på ein lite ærerik måte.

Ned, ned, ned

Utan å ta stilling til det aktuelle varselet i KrF er éin ting sikkert: Det er lettare å byte partileiar når eit parti alt ligg nede. Kva har partiet å tape? Ein av leiarane som fekk oppleve det, var Valgerd Svarstad Haugland. Ho trekte seg etter ein knusande evalueringsrapport i kjølvatnet av lokalvalet i 2003. Ho hadde då gjennom fleire år reist KrF saman med Kjell Magne Bondevik, med kontantstøtta som fanesak. Så sokk partiet i oppslutning frå 9,3 prosent i 1999 og 12,4 i 2001 til 6,4 i 2003. Haugland vart ofra. Sidan har stadig færre røysta KrF.

Dagfinn Høybråten tok ikkje attval i 2011, etter at både anonyme og opne kjelder kritiserte leiarstilen hans i Aftenposten. Heller ikkje denne avgangen auka støtta til partiet. Det er knapt naudsynt å nemne at støtta heller ikkje auka etter at Knut Arild Hareide og deretter Kjell Ingolf Ropstad gjekk av. Hareide fordi han ikkje makta å samle partiet om å samarbeide til venstre. Ropstad som følgje av pendlarbustadsaka. Ved det førre stortingsvalet nådde partiet botnpunktet med ei oppslutning på 3,8 prosent – under sperregrensa.

«Kva er den glade bodskapen KrF-arane skal misjonere for?»

Misjonær utan sak

Det er umogleg å vite kva Bollestad kunne fått til som leiar dersom ho hadde fått leiinga, stortingsgruppa og partiet til å dra i éi og same retning. Eitt år før neste stortingsval står KrF i ei akutt krise, med mykje uvisse og frustrasjon i partiet. Men KrF har inga talentkrise. Dersom talenta i partiet ønskjer å stille, er det fleire å ta av. Dei to nestleiarane, Dag Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse, er til dømes både erfarne og kompetente politikarar. KrF har nytte av å ha vore eit sentralt parti på Stortinget og i regjering, med dei fordelane det gjev i form av tilsette og politikartrening.

Sidan KrF ikkje har ei talentkrise, er det god grunn til å tru at den akutte krisa vil verte løyst. Langt tyngre vil det vere for partiet å starte den oppoverbakken det er å finne ut kva slags parti den nye leiaren skal fronte. Kva er den glade bodskapen KrF-arane skal misjonere for? Tida er gått frå kontantstøtta. Såkalla «verdisaker» vert fort for spesielt interesserte. Dei gode KrF-sakene må kunne samle både kjernen og eit visst omland. I dag klarer ikkje KrF å markere seg, korkje i debatten om abort eller om krigen i Gaza.

KrF har i fleire periodar hatt langt større politisk påverknad enn storleiken skulle tilseie. Eit kristenkonservativt parti som klarer å spele på lag med samtida, kan ha eit potensial. Men det er ikkje sjølvsagt at KrF vil halde fram med å vere eit landsdekkande parti. Og det treng ikkje vere partileiaren si skuld. For det hjelper lite å vere misjonær om du ikkje har ei god sak å misjonere for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis