Fritt fram i leikestova

Kvinnerørsla, homorørsla og kampen mot rasisme er no prega av urimelege krav.

Pierre Webo frå Istanbul-laget diskuterer med den rumenske dommaren Sebastian Colescu i meisterligakampen mot Paris Saint-Germain 8. desember i fjor.
Pierre Webo frå Istanbul-laget diskuterer med den rumenske dommaren Sebastian Colescu i meisterligakampen mot Paris Saint-Germain 8. desember i fjor.
Publisert

I dei gamle kommunistdiktatura visste folk at dei måtte lyga om dei skulle ha framgang i samfunnet. Det meste som kunne seiast offentleg, var statsautorisert lygn. Folk kunne hamna i fengsel av å seia det dei sjølve såg eller tenkte.

Me er på veg inn i liknande tilstandar i den vestlege verda, særleg i dei nordiske og angloamerikanske landa. Rett nok hamnar me ikkje i fengsel for å seia det me ser eller tenkjer, men den gamle gapestokken spøkjer i horisonten, og statuar av menn som sa eller gjorde noko som ut frå moderne dogme er politisk ukorrekt, er alt vortne velta. Det kan koma bokbål rundt neste sving, for fanatismen tykkjest like glødande som i den gamle kjettar- og heksejakta. Ein fotballkamp på høgste nivå vart nyleg stansa i Paris av di ein domar sa om ein svart mann at han var svart.

Dei fyrste statsautoriserte lygnene her til lands opplevde eg under abortkampen. Det gjaldt til dømes utsegna om at fosteret er ein del av kvinnekroppen, endå me alle veit at det til og med kan ha ein annan blodtype enn mora. Men for at ikkje dei abortsøkjande kvinnene skulle kjenna seg krenkte, låg det eit forbod i lufta mot å seia det sjølvsagde. Me fekk eit «nyspråk» som ikkje skulle uttrykkja røynda, men kamuflera henne, og me er etter kvart vortne vane med å leika at ho ikkje er det ho er. Samfunnet liknar meir og meir ei leikestove der dei vaksne har abdisert.

Politikarane er med på leiken: Når dei senkar nivået i skulen, kallar dei det «kunnskapsløft», når dei legg ned lensmannskontor kring i landet, heiter det «nærpolitireforma». Men leiken er ikkje av heilt ny dato: Alt i 1955 kom forslaget om å kalla gamleheimane «aldersheimar». Dei vanføre vart fyrst «handikappa» og deretter «funksjonshemma», men sidan «hemma» er eit ord som skurrar i leikestova, er dei i Sverige no vortne «funktionsvarierade». Var eg «halt», ville det ordet vera namnet på mi røynd; å kalla meg «hemma» ville vera å definera meg ut frå dei som ikkje haltar. Som gråhærd syttiåring er eg ikkje berre «eldre» enn dei unge – eg er stolt av å kalla meg ein gamal mann. Det ligg fridom i å seia tinga som dei er. Og det gildaste er at då snakkar me sant.

Etter at kvinnesaka har vunne fram på alle frontar, skulle ein tru at feministane ville vera nøgde og falla til ro. Feminismen er nærast vorten opphøgd til statsideologi, og kvar einaste dagsrevy er som ei folkeoppseding i feministisk ortodoksi. Etter at den sokalla metoo-rørsla fekk vind i segla, har dei mest ytterleggåande feministane teke over definisjonsmakta. Rett nok har rørsla hatt gode grunnar til å peika på ei framferd mot kvinner som ikkje kan godtakast i siviliserte samfunn, men som so mange gode saker, har ogso denne vakse ut over alle rimelege proporsjonar.

Det finst døme på at statsrådar og professorar har måtta gå frå stillinga si av di dei for femten år sidan tok ei kvinne på kneet. Det kan stundom verka som kvinnene er ute etter hemn, og sjølv om dei fleste av kvinnekjønn framleis likar menn og er framande for dei skræmebileta som vert teikna av mannen, gjev media oss ikkje sjeldan inntrykk av at mannehatarane har heile sanninga på si side. Det har skapt inflasjon i statsautorisert lygn og «nyspråk» i leikestova, og me saknar vaksne folk som set foten ned og tek til motmæle. På venstresida finst det til og med menn som lograr masokistisk, men elles har mannfolk flest ikkje anna våpen enn togna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement