Gåvedrysset som ranar oss

Ingen gåver er gratis. Særleg ikkje dei som omgår velferdssystemet.

Publisert

Juli 2021 var ein travel månad. Det var ein VM-månad, ein OL-månad og ein temperaturrekord- og skogbrannrekordmånad. Men midt i alt dette fekk du sikkert med deg eit anna lite nyhende: Tysdag 20. juli var ein av dei rikaste personane i verda, Amazon-gründer Jeff Bezos, i verdsrommet. I ein romrakett konstruert av eit selskap han sjølv eig, Blue Origin, fauk han omkring der ute og var vektlaus i ti minutt, før han og mannskapet landa trygt attende på jorda.

Dei ti minutta brukte han mellom anna på å ete drops, verte ovundra av korleis jordkloden ser ut utanfrå, og uttale fylgjande: «Eg vil takke kvar einaste Amazon-tilsett og kvar einaste Amazon-kunde, for de har betalt for alt dette. Så, alvorleg tala, til kvar einaste Amazon-kunde der ute, og kvar einaste Amazon-tilsett, tusen hjarteleg takk, det vert sett stor pris på.»

Midt i alt det andre, i skogbrannane og flaumane og slikt, er det desse små setningane vi skal bruke litt tid på å dvele ved no. Det ville kanskje vore enkelt å late hendinga gli forbi, tenke «oi, tøft» eller «æsj, for ein tulling», og så gå vidare til neste innslag eller neste bilete i telefonskrollen, for ser ein slik på det, kan det at ein rik amerikanar vel å bruke nokre milliardar på å kome seg ut i verdsrommet, verke som ein parentes – han har no tent desse pengane, og kvifor skal eg bry meg om kva han brukar dei på?

Uunngåelege Amazon

Men så er det noko ved at Bezos valde å takke slik han gjorde, når han no er den han er: sjef for eit selskap som, for det første, er kjent for å tilby dei over éin million tilsette i USA brutale arbeidsforhold i lagerbygningar så enorme at arbeidarane kan slite med å rekke fram til toalettet i tide, og der dei uansett jobbar etter så detaljert tidsstyring at eit toalettbesøk kan koste dyrt. Selskapet brukte nyleg millionar av dollar på ein reklamekampanje for å stogge forsøk på å etablere fagforeiningar i lagerhallane.

For det andre har Amazon vorte ei nødvendig plattform for alle som vil selje noko over nett i store deler av verda: Er ikkje produktet ditt å få kjøpt hos Amazon, klarar du deg ikkje – sjølv om produktet ditt vert selt til prisar så låge at lokale små butikkar berre kan drøyme om å konkurrere. Ingen veit kor mange bokhandlar Amazon har konkurrert ut, men det er nok mange, og eg trur eit fåtal av dei, på same måte som eit fåtal av dei tilsette og eit fåtal av dei som (i mangel av alternativ) handlar i nettbutikken hans, kjenner seg takksame over at Bezos har tent nok til den dyre nøyesreisa i verdsrommet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement