JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentar

Kremls to forteljingar

Når alt og ingenting er forbode, får frykta fritt spelerom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
MJUK: President Vladimir Putin poserer med deltakarar i eit familieforum på ei messe i Moskva som syner framgangen for russisk økonomi.

Foto: Sergej Karpukhin / Sputnik / AP / NTB

8570
20240308
8570
20240308

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Om det finst ei handbok for diktatorar, står det på første side: «Gjer alle vanskelege saker om til verdispørsmål.» Det er om å gjere å appellere til kjenslene, for då får ein folk med seg utan å måtte ty til hard makt.

På andre sida i diktatorhandboka står det: «Bruk hard makt når det er naudsynt, bruk mjuk makt når det er mogleg.» Mjuk makt inneber å manipulere folkesetnaden. Mjuk makt medfører små kostnader. Kreml nøler ikkje med å nytte hard makt. Dei bankar opp, arresterer og drep motstandarane sine når det høver, men hovudstrategien er likevel å manipulere folkesetnaden.

Er det noko diktatorar ikkje liker, er det kritisk tenking. Eit effektivt middel er å fortelje historier som rører ved kjenslene til folk. Då unngår ein at fornufta slår inn og folk byrjar å tenkje kritisk på sjølvstendig grunnlag.

Presidentvalet den 15.–17. mars er ikkje noko verkeleg val, for alle reelle opposisjonskandidatar er rydda av vegen før valet. I staden blir valet til ein toppstyrt og påkosta manipuleringskampanje. Målet er å sementere oppslutninga om det sitjande regimet generelt og krigen i Ukraina spesielt. I kampanjen nyttar Kreml to forteljingar: forteljinga om Den store fedrelandskrigen og forteljinga om Russland som forvaltaren av den einaste sanne kristendommen.

Åtakskrigen

Kreml omtaler konsekvent åtaket på Ukraina som ein «forsvarskrig» som er eit framhald av Sovjetunionens kamp mot Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen.

Kvifor er det så verknadsfullt å knyte krigen i Ukraina opp mot andre verdskrigen? På russisk er det vanleg å nytte den kjenslefylte nemninga «Den store fedrelandskrigen» om krigshandlingane frå Tysklands åtak på Sovjetunionen sommaren 1941 til Tysklands kapitulasjon i mai 1945.

Ingen land fekk merke følgjene av krigen så sterkt som Sovjetunionen. Ingen familie i det tidlegare Sovjetunionen var urørt av krigen. Alle har ein bestefar, bestemor, oldefar eller oldemor som tok del i den store kampen mot nazismen, svært ofte med livet som innsats. Meir enn 20 millionar sovjetborgarar mista livet.

«Forteljinga om Den store fedrelandskrigen har alle ingrediensar som ein diktator kan ønskje seg.»

Forteljinga om Den store fedrelandskrigen har alle ingrediensar som ein diktator kan ønskje seg. Her er det drama og vald, heltar og skurkar, offervilje og patriotisme i store mengder. Når Kreml har fått innprenta at krigen i Ukraina er eit framhald av Den store fedrelandskrigen, rører dei ved så sterke kjensler hjå folk flest at det blir svært vanskeleg å vere mot krigen. Kven kan vere mot å fortsetje kampen som forfedrane og formødrene kjempa mot nazismen? Kjenslene blir så sterke at fornuftsbasert, kritisk tenking blir særs vanskeleg.

Vestleg dekadanse

Kreml skildrar krigen i Ukraina også som ein kamp mot vestleg dekadanse. Skal ein tru propagandaen frå Kreml, er Ukraina infisert av vestleg sedløyse. Russlands rolle er å frigjere Ukraina frå den skadelege påverknaden frå Vesten. Særleg er det LGBT-rørsla som blir brukt som målskive i propagandaen, der Russland blir skildra som den siste forsvararen av tradisjonelle verdiar i ei stadig meir sedlaus verd.

Denne framstillinga av krigen tener til å mobilisere den ortodokse kyrkja, som er ein maktfaktor i Russland. Samstundes rører framstillinga ved djupe kjensler hjå folk flest. Kvifor?

Eit svar kan vere at framstillinga av krigen i Ukraina passar inn i ei forteljing om ein særeigen russisk sivilisasjon, russkij mir («den russiske verda»), der Russlands historiske rolle er å forvalte den einaste sanne kristendommen i ei verd prega av moralsk forfall. Dette er ei forteljing som går langt attende i russisk historie. Ho heng saman med førestillinga om Moskva som «det tredje Rom».

Ideen om «det tredje Rom» blir ofte ført tilbake til munken Filofei, som verka på slutten av 1400-talet og byrjinga av 1500-talet. I eit brev til fyrsten i Moskva peika han på at både Roma og Konstantinopel («det andre Rom») var komne i hendene på dei vantru. No var det berre Moskva att til å forsvare den sanne kristendommen. Filofeis brev var meint som ei åtvaring til fyrstemakta: Sjå kor ille det kan gå om ein ikkje held seg strengt til den rette kristendommen!

Fyrstane i Moskva trykte Filofei til sitt bryst og forma ideologien om at Moskva-riket hadde ein særleg historisk misjon som forsvarar av kristendommen og som bolverk mot sedløyse og forfall.

Eit språkleg døme viser kor tett knytt kristendommen er til den russiske nasjonen. Det tradisjonelle ordet for «bonde» på russisk er krestjanin. Det har samanheng med krest som tyder «kross». Dei russiske bøndene var dei kristne i motsetning til alle dei andre folka i verda.

DIFFUS: Ifølgje russiske juristar er medlemane i LGBT-rørsla kjenneteikna ved at dei nyttar spesielle «potensielle ord – feminitivar». Her blir bruda avslørt som transseksuell.

Foto via Wikimedia Commons

LGBT-rørsla

I Kremls manipuleringskampanje er det særleg LGBT-rørsla som blir skyteskiva i Russlands kamp mot vestleg dekadanse og sedløyse. I november i fjor gjekk russisk høgsterett til det steget å forby den «internasjonale LGBT-rørsla» som ein ekstremistisk organisasjon.

Ettersom det ikkje finst nokon slik organisasjon, verken i Russland eller andre stader, slit dei russiske juristane med å avgrense kva det er dei eigentleg forbyr. I staden tyr dei til vage kriterium, slik som at medlemane er kjenneteikna av spesielle tradisjonar, til dømes å vere med i prideparadar.

For meg som språkforskar er eit av kriteria til høgsterett spesielt interessant. Ifølgje dei russiske juristane er medlemane i LGBT-rørsla kjenneteikna ved at dei nyttar spesielle «potensielle ord – feminitiv».

Høgsteretts språkkamp

Den språkvitskapelege fagtermen feminitiv blir nytta om ord som klargjer at ein yrkesutøvar er kvinne. På norsk har vi ord som «lærarinne». Ved å legge til endinga -inne får vi fram at det er ein kvinneleg utøvar av læraryrket vi har i tankane. Slike feminitiv er på full veg ut av norsk språk.

I Noreg er det kjønnsnøytrale nemningar som er i vinden. Både kvinner og menn som arbeider i skulen, blir omtala som «lærarar». Alle politiske parti har i dag «leiarar», ikkje «formenn».

I motsetnad til norske feministar har russiske feministar omfamna feminitiva, fordi dei gjer det tydelegare kva kvinner bidreg med i samfunnet. Ved å legge til visse endingar får ein fram at det var ein kvinneleg arkitekt, psykolog eller advokat ein konsulterte. Dermed blir det klart at også kvinner har viktige posisjonar i samfunnet. Bruken av feminitiv har vore mykje diskutert i Russland. Mange mislikar dei, og sjølv tilhengarane er ikkje alltid samde om kva ending som høver for mange ord.

Russisk høgsterett knyter altså feminitiva til LGBT-rørsla. Juristane gjev fire døme på ord dei vil til livs. Eitt av døma er særskilt interessant. Høgsterett liker ikkje ordet rukovoditelnitsa som tyder «kvinneleg rettleiar». Dette er eit veletablert ord i russisk. Ein finn ordet i fleire av dei autoritative ordbøkene. Både Dostojevskij og Tsjekhov har nytta ordet, og vi finn det også i Tolstojs Krig og fred. Det eldste sikre dømet eg har funne, er frå ein komedie frå 1680-talet.

Om dette ordet kan nyttast til å identifisere LGBT-rørsla, kan alt nyttast. Ein kan innvende at høgsterett berre har funne eit dårleg døme. Men hovudpoenget står seg likevel. Det finst ikkje noka klår grense mellom «potensielle ord» som berre blir nytta av LGBT-rørsla, og vanlege feminitiv som folk flest nyttar kvar dag.

«Alt i tsartida vart det sagt at dei russiske lovene var strenge, men at dette vart kompensert ved at dei ikkje var obligatoriske.»

Der frykta rår

Dermed blir det uklårt kva som fell inn under høgsteretts forbod. I ein rettsstat som Noreg er dette eit problem, men i eit diktatur er det tvert imot ein føremon – for styresmaktene. Alt i tsartida vart det sagt at dei russiske lovene var strenge, men at dette vart kompensert ved at dei ikkje var obligatoriske.

I dagens Russland er lover og reglar vage, og dermed kan styresmaktene nytte dei slik dei sjølv vil. Dei kan ramme kven som helst når som helst. Når alt og ingenting er forbode, får frykta fritt spelerom blant folk.

Når innbyggjarane i Russland og dei russiskokkuperte områda av Ukraina går til vallokala om ei veke, er dei venteleg prega av frykta som kjenneteiknar alle diktatur. Og som i andre diktatur er det ikkje eit reelt val det er tale om. I staden er valet ein statsstyrt manipuleringskampanje basert på forteljingar som rører ved djupe kjensler hjå folk, og som tener til å blokkere kritisk tenking på sjølvstendig grunnlag.

Tore Nesset

Tore Nesset er professor i russisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis