JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Krigen blir avgjord i Haag

Tredje og siste etappe av den blodige Gaza-krigen står for tur. Folkeretten får no ei langt viktigare rolle enn Israel har opplevd i tidlegare krigar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6617
20240216
6617
20240216

Sidan 7. oktober har Israel slått fast at Hamas må utslettast på Gaza-stripa. Det gjeld ikkje berre den militære terrororganisasjonen med evne til å råke Israel, det omfattar òg Hamas som styresmakt på dei delane av Gaza som enno ikkje er gjenokkuperte av Israel.

I Rafah finn vi i tillegg til Hamas og andre væpna grupper ein million fordrivne palestinarar utan nokon stad å søkje tryggleik. Dei fleste av dei er born. «Krigføring i urbane strøk» i Rafah kan nok meir presist kallast krigføring blant born. Tanken på at den hardaste og vanskelegaste delen av krigen på Gaza truleg ligg framfor oss, er knapt til å halde ut.

Men for palestinarane som kjem frå krigen med livet i behald, blir slaget som skal stå i Den internasjonale domstolen i Haag, likevel viktigare enn det som skjer på Gaza. Også for Israel blir krigen vunnen eller tapt i Haag.

«Tanken på at den hardaste og vanskelegaste delen av krigen på Gaza truleg ligg framfor oss, er knapt til å halde ut.»

Folkemordsaka

Det minste juridiske slaget står om folkemordspørsmålet. Som kjent reiste Sør-Afrika sak mot Israel om brot på folkemordkonvensjonen for Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ). Den saka vil leggje rammer for den vidare krigføringa til israelarane på Gaza og råkar Israel på mange vis.

Berre ein av dei 17 domarane motsette seg å opne sak på prinsipielt grunnlag. Argumentet hennar var at saka inneber at FN-domstolen ICJ vert nytta politisk. Det er prosessen og ikkje resultatet som er det drivande motivet for folkemordsaka i Haag. Domstolen gjev verdssamfunnet eit anna instrument enn Tryggingsrådet i FN for å påverke krigens gang og verne sivile. Dei andre 16 domarane konkluderte med at FN-domstolen bør nytte knipetonga si når alle andre reiskapar er utilgjengelege.

Våpeneksport

Domstolen har så langt kome med seks tiltak. Israel skal mellom anna rapportere til domstolen innan utgangen av februar om tiltak for å verne den palestinske befolkninga på Gaza under krigen. Pålegga frå domstolen inneber mellom anna at Israel må sørgje for humanitær tilgang til sivilbefolkninga på Gaza og straffe oppmodingar til folkemord. Saka gjer òg at Israel ikkje kan tvangsevakuere palestinarane ut av Gaza, til dømes til Egypt, korkje under eller etter krigen. I praksis inneber krava at Israel gjer klokt i å respektere folkerettsreglane under krigføringa.

Dersom Israel ikkje følgjer pålegga, vil 155 andre statar som har ratifisert folkemordkonvensjonen, i aukande grad ha plikt til å gjere det dei kan for å hindre handlingar som kan stride mot folkemordkonvensjonen. Det kan til dømes vere å nekte å selje våpen til Israel dersom våpena kan nyttast på Gaza. Veka etter ICJs pålegg publiserte til dømes Biden-regjeringa eit memorandum som minte om vilkåra for å motta våpen under amerikansk eksportlovgjeving. Om israelarane bryt med pålegga, risikerer dei å bli nekta våpen frå USA. Endeleg ser folkeretten ut til å verke direkte til fordel for dei sivile palestinarane.

«Endeleg ser folkeretten ut til å verke direkte til fordel for dei sivile palestinarane.»

Risiko

Samstundes er konsekvensane vanskelege å overskode. Krava frå domstolen inneber at lagnaden til sivilbefolkninga under Hamas-kontroll er nøkkelen til å stanse Israels tilgang på våpen. Vil det gje dei sivile palestinarane vern, eller vil det eksponere dei for endå større farar? Det følgjer farar med den knipetonga ICJ vil nytte for å styre krigføringa på Gaza.

Sør-Afrika klaga denne veka til domstolen og hevda at Israel ikkje følgjer krava, og har bede om at krava vert utvida. Likevel vil truleg domstolen halde seg på den smale sti i folkemordsaka. Ei årsak er at semje blant domarane elles kan ryke og krafta i pålegga bli svekt. Men hovudårsaka ligg ein annan stad. Måndag 19. februar kjem nemleg ei ny sak om Israel og okkuperte palestinske område på bordet til dei same 15 domarane i ICJ.

Det er her det store slaget i Haag vil stå.

Okkupasjon

I 2022 bad FNs generalforsamling om ei rettsleg betenkning frå domstolen om «dei rettslege følgjene av Israels praksis og politikk på dei palestinske okkuperte områda, inkludert Jerusalem». Då saka vart send til ICJ, var det usikkert om Gaza var omfatta av «dei palestinske okkuperte områda». Innan saka opnar 19. februar, er det ingen som tvilar på det lenger. Israels svar på terroråtaket frå Hamas 7. oktober har plassert Gaza på domstolen sitt bord saman med resten av dei «palestinske okkuperte områda».

Det er 20 år sidan ICJ sist hadde Midtausten-konflikten på bordet. Då var temaet muren som Israel hadde etablert mot palestinske område på Vestbreidda under den andre intifadaen. Den andre intifadaen braut ut då både settlarrørsla og Hamas kasta seg inn i kampen for å stanse tostatsløysinga dei hadde sett konturane av i Camp David sommaren 2000. Hamas stod bak ei rekkje sjølvmordsåtak inne i Israel, og Israel svara med å setje opp ein barriere mot Vestbreidda. Sperringane gjekk nokre stader langt inne på palestinske område, og domstolen i Haag konkluderte med at dei delane som stod på okkupert område, var ulovlege under folkeretten.

Fastare grep

Saka ICJ no har fått på bordet er mykje meir omfattande. Domstolen må ta stilling til heile sakskomplekset «Israels politikk og praksis på okkupert palestinsk territorium, inkludert Jerusalem». Det er sett av seks dagar til høyringar frå 19. februar. Tre internasjonale organisasjonar og 52 statar skal leggje fram sitt syn på saka. Noreg skal etter planen presentere sitt syn fredag 23. februar.

Nokre av innlegga vil truleg handle om kva domstolen bør meine noko om – til dømes om Genevekonvensjonane også gjeld for palestinarane, og om korleis reglane gjeld for Hamas som styresmakt og/eller terrororganisasjon på Gaza i den pågåande krigen. Andre innlegg vil handle om kva domstolen bør meine om spørsmål som «Er Israels okkupasjon av Vestbreidda og Aust-Jerusalem ulovleg?» og «Må Israel trekkje seg attende frå okkupert territorium?». Truleg kjem også andre vesentlege spørsmål opp, spørsmål som FN-domstolen aldri har behandla på denne måten tidlegare.

Gjer det at folkerettens reglar og institusjonar no tek eit fastare grep om Israel og palestinarane? Alt tyder på det i den blodige krigen som rasar vidare på Gaza. I spørsmålet om framtida til Israel og palestinarane etter krigen kjem det store slaget til å stå i Haag.

Hellestveit, Cecilie er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis