Kvinnelege prestar – kvifor ikkje?
Ifylgje den franske diktaren Baudelaire finst det «berre tre heiderlege mennesketypar: presten, krigaren og poeten. Dei andre (…) er skapte (…) for å ha det som vert kalla yrke.»
Altarmosaikk frå San Venantius-kapellet i Roma, kring år 650.
Heiderlege eller ikkje – diktaren har rett i at å vera prest djupast sett ikkje er eit «yrke», langt mindre ein «jobb»; det er ein særeigen måte å vera menneske på. Det same gjeld krigaren og poeten. Dei er ikkje på «jobb», men i strid, mot fienden og med språket.
I Den norske kyrkja, og i mange av dei protestantiske kyrkjene, har det vorte eit yrke å vera prest. Eg har høyrt ei dame seia at ho «jobba som biskop». I katolske øyro høyrest dette underleg ut, for det som særmerkjer både biskopen og presten, er ikkje kva han gjer, men kva han er. Han er vigd til ei teneste der han stiller sin eigen person heilt og fullt inn under ein Annan. Når han forkynner ordet og ber fram brødet og vinen, gjer han det in persona Christi, som det heiter i tradisjonen, han talar og handlar på vegner av Kristus. Rituelt vert dette uttrykt i sjølve kyrkjerommet, i altaret han står ved, skrudet han ber, rørslene han gjer, og dei rituelle orda han seier. Heilt fram til 1960-talet var det også i Den norske kyrkja utenkjeleg at presten skulle seia eller gjera noko som ikkje var føreskrive i altarboka. Ho var ein del av norsk lov. Berre på preikestolen kunne presten nytta sine eigne ord for å forkynna Guds.
I Den norske kyrkja kom brotet med den felleskristne tradisjonen i 1960, då den fyrste kvinnelege presten vart vigd under stor motstand frå fleirtalet av biskopar, prestar og truande lekfolk. Denne «relativiseringa» av tradisjonen fekk etter kvart store fylgjer for heile mentaliteten i statskyrkja. Ho vart «sosialdemokratisert». Den gamle embetskyrkja kalla seg «folkekyrkje» nett i den tida då folket for alvor fall frå. Biskopar og prestar vart fråtekne leiarskapen, og den sokalla «rådsstrukturen» innført. Kyrkja skulle vera «demokratisk», ikkje «hierarkisk», slik ho er etter sin apostoliske grunnhått.
Desse grunnleggjande brota med kristen tradisjon har i aukande tempo ført nye med seg. Statlege lover om likestilling og «arbeidsmiljø» er gjorde gjeldande i kyrkja, prestane har krav på frisundagar og kompensasjon for «ubekvem arbeidstid», altarbrødet er «glutenfritt» og soknepresten ein kommunal funksjonær under kyrkjeverja. Sjølv om statskyrkja formelt er avvikla, har kyrkja aldri før hatt eit so tett samliv med statleg ideologi og praksis. Til og med abortlova har no fått bispefleirtalet på si side. Sosialdemokratiet har fått ei kyrkje etter sitt hjarta, og drivkrafta frå kyrkja si side har ikkje minst vore dei kvinnelege prestane. Dei likar framleis å ta på seg martyrmina for å få oss til å tru at dei ikkje fullt og heilt er godtekne, men sanninga er at det er dei som i dag har definisjonsmakta i Den norske kyrkja, der til og med Skrifta stundom får vikeplikt for feminismen.
I eit slikt ideologisk klima verkar det nærast grotesk når ein ung prest står fram og tinglyser sin motstand mot kvinnelege prestar. Sokneprest Mikael Bruun er ein modig mann, som mild i form og sterk i sak seier det kristenverda har sagt i snart to tusen år. At slikt vekkjer åtgaum og motskrik, viser kor fjern kristendomen er vorten for dei fleste. Folk har gløymt kva eit trudomssamfunn er. Dei skjønar ikkje at ein prest ikkje berre har rett, men ogso plikt til å seia det han ut frå tru og samvit ser som sant. Mikael Bruun seier berre det som her til lands var sjølvsagt for berre to generasjonar sidan, og som framleis er sjølvsagt i det meste av kristenverda.
Over to tredelar av dei kristne i verda høyrer til den katolske eller dei ortodokse kyrkjene, der kvinnelege prestar prinsipielt er utenkjeleg. Dette slo pave Johannes Paul den store fast i dokumentet Ordinatio sacerdotalis i 1994: «For å taka bort all tvil i ei so viktig sak, ei sak som heng saman med sjølve Kyrkja sin guddommelege konstitusjon, og i kraft av oppdraget mitt om å ’styrkja brørne’ (Luk 22,32), kunngjer eg at Kyrkja ikkje har noka avgjerdsmakt (autoritet) til å gje prestevigsle til kvinner, og at denne avgjerda skal verta halden som den endelege av alle dei truande i Kyrkja.» Dokumentet er eit svar på ein debatt som var i gang i einskilde krinsar, ikkje minst blant ordenssystrer, både i Europa og Amerika.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.