Prisen for stordrift i landbruket
Landbrukspolitikken fører oss stadig lenger vekk frå eit jordnært landbruk.
Statsminister Erna Solberg fekk ein prøvetur med skurtreskaren til bonden Bjørn Westby på Rustad gård i Nes på Romerike i september 2014.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Jordbruksoppgjeret er i hamn. Bondelaget og Småbrukarlaget skreiv under ein avtale som nokre bønder er nøgde med fordi dei fekk litt meir enn sist, og som andre er misnøgde med fordi dei fekk mindre enn dei venta. Det fylkesleiarane i Bondelaget seier til Nationen, fortel om ein resignert realisme i flokken: Dei hadde tapt på å bryte med staten.
Jordbruksoppgjeret handlar om ei rekkje små og litt større pengesummar. I desse årlege rundane vert den konkrete landbrukspolitikken til, med gradvise endringar etter den retninga som regjeringa vil ha. For dei som driv gard, er tilskota viktige. Dette er pengane dei lever av. Driftsinntektene går stort sett med til å betale nye investeringar, kraftfôr, kunstgjødsel og alt anna som skal til for å halde drifta gåande.
Industrielt
Vi har fått eit meir industrielt landbruk enn før. Nesten alt som skal til for å halde drifta gåande, er innkjøpt. Og alt av avlingar og avdrått vert selt. I andre delar av økonomien gav industrialisering ofte store nettoinntekter og grunnlag for ekspansjon. Dei første som skaffa seg maskiner til å sy sko i staden for at skomakarar gjorde det med hand, oppnådde ein enorm rasjonaliseringsgevinst. Kostnadene med kvart skopar fall kraftig, og fabrikken kunne selje til ein mykje lågare pris enn dei som enno sat med nål og tråd i hendene, kunne. Folk kjøpte fleire av dei billege skoa, marknaden vaks. Skomakarane tapte, om dei ikkje fekk seg arbeid på den nye fabrikken og høgre inntekter som arbeidstakarar enn som handverkarar.
Overproduksjon
For bøndene er den økonomiske situasjonen annleis. I eit land der folk flest er mette, veks ikkje marknaden når landbruket har meir å levere. Teknikken som bøndene nyttar, er like tilgjengeleg for alle. Nye innkjøp krev nye utgifter, og under økonomisk vekst har desse driftsmidla lag til å stige i pris. Med fleire arbeidssparande maskiner kan bonden rekke over større areal og ha fleire dyr. Men når marknaden er om lag konstant, er det ikkje rom for større avsetning. Matvarer har, i motsetning til luksusvarer, det ved seg at folk kjøper ikkje meir om prisen går litt ned. I nokre år har det vore overskot av grisekjøt, og svinebøndene måtte sjå at inntektene fall. Utsalsprisen i butikken gjekk langt under det som produksjonen kosta. Det same har sauehaldarane fått merke. I fleire tiår har inntektsfallet vore dempa av at mange gjev opp drifta, slik at det vert færre å dele den samla nettoen på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.